Marcel er eit mannsnamn som er fransk form av latin Marcellus som er ein diminutiv («vesleform») av Marcus.
Personar med namnet Marcel
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd 1893 i Sveits: Marcel Bischoff, busett på Austre Toten i 1900.
Kjende personar med namnet Marcel
Eit utval personar med namnet Marcel, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Marcel Schwob (1867–1905)
- Marcel Proust (1871–1922)
- Marcel Mauss (1872–1950)
- Marcel Dupré (1886–1971)
- Marcel Duchamp (1887–1968)
- Marcel Minnaert (1893–1970)
- Marcel Pagnol (1895–1974)
- Marcel Breuer (1902–1981)
- Marcel Lefebvre (1905–1991)
- Marcel Marceau (1923–2007)
- Marcel Kittel (1988)
- Marcel Hirscher (1989)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 270 menn (fødde i Noreg) som hadde Marcel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.