Versj. 2
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 8. juli 2020. Artikkelen endret 453 tegn fra forrige versjon.

Hampus er eit mannsnamn som kanskje er ei latinisering (med -us) av det tyske kjælenamnet Hampe av Hamprecht med opphav i Heim-bert. Dette forleddet tyder ‘heim’.

Den fyrste som vart registrert med namnet, var ein innvandrar frå Sverige: bakarsvein Hampus Nicolaus Falk fødd 1848, busett i Sarpsborg i 1900.

Eksempel på ein person med namnet Hampus som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Hampus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.