Versj. 2
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 8. juli 2020. Artikkelen endret 260 tegn fra forrige versjon.

Fredleif er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Frið-leifr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘arving, etterkommar’.

Namnet vart tatt i bruk att i 1892 og vart då truleg oppfatta som eit nylaga namn.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Fredleif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.