Frederik er eit mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Frithu-ric. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.
Forma Frederik dominerer i Danmark, Fredrik i Noreg og Sverige.
Namnet har fleire variantar: Fredrich, Frederick, Fredrick, Frederik, Fredrik, Fredric, Frederic.
Kjende personar med namnet Frederik
Eit utval personar med namnet Frederik, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Frederik 1 (1471–1533)
- Frederik 2 (1534–1588)
- Frederik 3 – dansk-norsk konge (1609–1670)
- Ulrik Frederik Gyldenløve (1638–1704)
- Frederik 6 (1768–1839)
- Frederik Meltzer (1779–1855)
- Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783–1872)
- Frederik Stang (1808–1884)
- Frederik 9 (1899–1972)
- Frederik Willem de Klerk (1936)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 510 menn (fødde i Noreg) som hadde Frederik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.