Franklin er eit mannsnamn som via slektsnamnet Franklin går tilbake til eit eldre engelsk ord frankeleyn som tyder ‘odelsbonde’. Dette ordet kjem i sin tur frå seinlatin francalis som tyder ‘landeigedom som frankarane eigde’.
Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.
Kjende personar med namnet Franklin
Eit utval personar med namnet Franklin, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Franklin Pierce (1804–1869)
- Benjamin Franklin Butler (1818–1893)
- Franklin Henry Giddings (1855–1931)
- William Franklin Knox (1874–1944)
- Charles Franklin Kettering (1876–1958)
- Franklin D. Roosevelt (1882–1945)
- Edward Franklin Frazier (1894–1962)
- Franklin J. Schaffner (1920–1989)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Franklin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Franklin i perioden 1900–2017, var det 69 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Franklin. Dette inneber at 31 prosent hadde Franklin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.