Versj. 2
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 8. juli 2020. Artikkelen endret 336 tegn fra forrige versjon.

Bergeton er eit mannsnamn som er avleidd av kvinnenamnet Berget, ei dialektform av Birgit.

Namnet har særleg vore brukt i Nordland og Troms.

Namnet har fleire variantar: Bergeton, Bergiton, Bergethon.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Bergeton som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Bergeton i perioden 1900–2017, var det 82 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Bergeton. Dette inneber at 18 prosent hadde Bergeton som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.