Åge er eit mannsnamn som i eldre dansk har hatt konsonanten [k]. På eit seinare stadium har [k] gått over til [g]. Det same gjeld til dømes dansk svag som svarer til norsk svak. Det svenske Åke har halde på den opphavlege [k-en. Norrøn form var Áki som er ein diminutiv («vesleform») med tydinga ‘veslefar’. Denne diminutiven er laga til urnordisk *anuR som tyder ‘forfader’.
Åge (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Åge
Eit utval personar med namnet Aage, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Aage Storstein (1900–1983)
- Aage Samuelsen (1915–1987)
- Sven Aage Hauge (1923–1997)
- Gerhard Aage Treschow (1923–2001)
- Tor Åge Bringsværd (1939)
- Aage Kvalbein (1947)
- Åge Aleksandersen (1949)
- Åge Åleskjær (1950)
- Åge Hareide (1953)
- Jan Åge Fjørtoft (1967)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 598 menn i Noreg som hadde Åge som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Aage og Åge (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge. Stavevarianten Aage byrja å gå nedover i 1920-åra, og grunnen til dette var rettskrivingsendringa [aa] til [å] i 1917.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Aage var mest brukt i Rogaland og Nord-Trøndelag.
Aage var mest brukt i Rogaland og Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også nokre få belegg på Åge på 1800-talet.)
Kommentarar (1)
skreiv Reidar Astås
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.