Allergiker er ein person som lid av allergi. Omgrepet kan oppfattast som støytande, og det er heller tilrådd å bruke uttrykk som 'menneske med allergi'.

Faktaboks

Uttale

allergiker

Allergi er ein overfølsomheitsreaksjon på grunn av at kroppens immunsystem reagerer unaturleg kraftig og er årsak til symptom på grunn av stoff (allergen) frå det ytre miljøet som vanlegvis ikkje er årsak til sjukdom.

Diagnosen allergi krev at personen får symptom og sjukdomsteikn ved kontakt med allergenet gjennom lufta, hudkontakt eller maten. Det er ikkje nok at det berre er utslag ved allergitesting (påvisning av allergisk sensibilisering), for ein del menneske som har utslag på ein allergitest, får likevel ikkje symptom ved kontakt med allergenet (falskt positive testar).

Falskt positive testar er eit problem i høve til luftvegsallergiar, og i endå større grad i høve til matallergiar. Ein allergitest skal derfor ikkje brukast for å leite etter allergi, men for å styrkje eller avkrefte diagnosen etter at legen har fått ei grundig sjukehistorie og gjort klinisk undersøking.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg