Yamoussoukro
| Yamoussoukro | |||
| hovudstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 2 075 km² | ||
| Folketal | 340 234 (2021)[1] | ||
![]() Yamoussoukro 6°48′58″N 5°16′27″W / 6.8161111111111°N 5.2741666666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Yamoussoukro | |||
Yamoussoukro er hovudstaden i Elfenbeinskysten. Byen har rundt 100 000 innbyggjarar og ligg 22 mil nord for Abidjan, den største byen i landet. Yamoussoukro blei hovudstad i landet i 1983, men den tidlegare hovudstaden Abidjan har halde på fleire viktige funksjonar. I byen ligg basilikaen Notre Dame de la Paix, som er det største kyrkjebygget i Afrika, av mange også rekna som det største i verda.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Då Frankrike gjekk inn og koloniserte området, var N'Gokro ein landsby med om lag 500 innbyggjarar som vart styrt av dronning Yamousso. I 1909 gjorde akouê-folket, som òg budde i N'Gokro, opprør mot kolonimakta. Den franske handelsstasjonen vart sett i flammar og administratoren der, Simon Maurice, berga livet berre fordi den tidlegare kongen Kouassi N'Go, som var onkelen til Yamousso, mana til fred.
Etter kvart som situasjonen roa seg flytta administrasjonen og hæren til N'Gokro, som vart omdøypt til Yamoussoukro til ære for dronninga. Sisteleddet kro tyder ‘by’ på baoulé.[3] Dei franske kolonistyresmaktene reister ein pyramide til ære for Kouassi N'Go. Deretter vart byen stort sett gløymd. I 1950 hadde han kring 500 innbyggjarar.[4]
Félix Houphouët-Boigny var den første presidenten i den frie Elfenbeinskysten. Han kom frå Yamoussoukro, og heldt byen fram som eit eksempel for resten av landet, mellom anna det effektive jordbruket her. Seinare skulle byen bli utnemnd til hovudstad, men ikkje før Large-Bassam, Bingerville og Abidjan først hadde vore det. I mars 1983 vart Yamoussoukro endeleg den politiske og administrative hovudstaden i landet. Det meste av den økonomiske aktiviteten skjer likevel fortsatt i Abidjan.
Kyrkjebygget Basilique de Notre Dame de la Paix blei bygd frå 1985 til 1989, og blei konsekrert av pave Johannes Paul II den 10. september 1990.[5][6][7]
Yamoussoukro-distriktet
[endre | endre wikiteksten]Yamoussoukro er òg hovudby i District de Yamoussoukro, som inneheld dei mindre kommunane Attiégouakro, Yamoussoukro, Didiévi og Tié-n'diékro. 55 % av dei 300 000 innbyggjarane i distriktet bur i byar. Området har tropisk klima med fire årstider; to tørkeperiodar og to regntider.
Folkegruppa som bur i distriktet vert kalla baoulé, og er delt inn i fire stammar: Akouê, Nanafouê, N'zikpli og Ngban.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «RGPH-2021 RÉSULTATS GLOBAUX» (PDF). 22. juli 2022. s. 1. Arkivert frå originalen (PDF) 26. april 2025. Henta 26. april 2025.
- ↑ «Yamoussoukro» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Cote d'Ivoire», The World Factbook (på engelsk), Central Intelligence Agency, 14. november 2023, arkivert frå originalen 16. november 2023, henta 22. november 2023
- ↑ Cyril K. Daddieh, Historical Dictionary of Cote d'Ivoire (The Ivory Coast), Rowman & Littlefield, USA, 2016, s. 490
- ↑ Melton, J. Gordon; Baumann, Martin (2011). Religions of the world : a comprehensive encyclopedia of beliefs and practices. ABC-CLIO. ISBN 9781780343716. OCLC 764567612.
- ↑ Swacker, Bob; Deimling, Brian (2000). «A Nineteenth-Century Church for the New Millennium: The Legacy of Pius IX and John Paul II». The Massachusetts Review. 41 (1): 121–131. ISSN 0025-4878. JSTOR 25091638.
- ↑ «Basilica of Our Lady of Peace – Yamoussoukro, Ivory Coast». www.sacred-destinations.com. Arkivert frå originalen 13. april 2019. Henta 13. april 2019.
