Tianjin
Utsjånad
| Tiānjīn | |||
| 天津 | |||
| by | |||
Utsyn over Tianjin. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 11 920 km² | ||
| Folketal | 13 866 009 (2020)[1] | ||
| Grunnlagd | 304 f.Kr | ||
| Tidssone | UTC + 8 | ||
| Postnummer | 300000–301900 | ||
| Retningsnummer | 22 | ||
| Bilnummer | A, B, C, D, F, G, H, J, K, L, M | ||
![]() Tianjin 39°08′48″N 117°12′20″E / 39.146666666667°N 117.20555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Tianjin | |||
Tianjin (forenkla kinesisk 天津, pinyin Tiānjīn, Wade–Giles T'iēn-chīn, kinesisk postalromanisering Tientsin) er ein av fire byar som er direkte underlagt sentralstyresmaktene i Folkerepublikken Kina. Han ligg i Nordaust-Kina, der fem elvar renn saman og dannar Hai He. Tianjin var tidlegare ein del av provinsen Hebei og grensar til Hebei på alle sider, bortsett frå i nordvest der Beijing ligg.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Tianjin består stort sett av sletteland. Her vert dyrka korn, jordnøtter, linfrø, grønsaker og frukt. Her finst også oljeproduksjon, saltutvinning, og ulike typar industri, særleg maskinproduksjon av ulikt slag. Her er også mykje skipstrafikk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 国务院第七次全国人口普查领导小组办公室 (juli 2022). 中国人口普查分县资料—2020 (på kinesisk). Beijing: China Statistics Press. ISBN 978-7-5037-9772-9. Wikidata Q130368174.

