Sami Khedira
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | سامي خضيرة | ||
| Fødd | 4. april 1987 (39 år) | ||
| Fødestad | Stuttgart | ||
| Høgd | 189 cm | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
| Nummer | 6 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| -1995 1995-2004 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2004-10 2010- |
|
98 (14) 91 (6) | |
| Landslag | |||
| 2007-09 2009-18 |
|
15 (5) 77 (7) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. august 2026 | |||
Sami Khedira (fødd 4. april 1987 i Stuttgart i Baden-Württemberg) er ein tysk tidlegare fotballspelar som vart verdsmeister for Tyskland i 2014. Han vart elles seriemeister i Tyskland med Stuttgart, i Spania med Real Madrid og i Italia med Juventus. Våren 2014 vann han den europeiske meisterligaen med Real Madrid. Khedira, som har tunisisk far og tysk mor, var midtbanespelar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Khedira fekk sin debut i bundesliga 1. oktober 2006 med VfB Stuttgart. Han spelte 22 av kampane i ein sesong som enda med liga-triumf for eit mannskap som, mellom andre, bestod av Mario Gómez, Shkodran Mustafi og brasilianaren Cacau. Frå sommaren 2010 var Khedira Real Madrid-spelar. Her var han med på å vinne Copa del Rey to gongar, La Liga i 2012 og meisterligaen i 2014. Perioden 2015-20 gjorde han teneste i Juventus. Med laget frå Torino vart han italiensk seriemeister alle fem sesongane og nasjonal cupvinnar tre år i rad. Han la opp i 2021, etter få kampar for Hertha Berlin.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Khedira debuterte for det tyske landslaget 5. september 2009 i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han fekk ei viktig rolle sentralt på midtbanen, i og med at Michael Ballack måtte stå over turneringa med ein skade. Han spelte i alle Tyskland sine sju kampar, og skåra eitt mål, i bronsefinalen mot Uruguay. Også i europameisterskapen 2012 spelte han alle Tyskland sine kampar, skåra då Hellas vart eliminert i kvartfinalen med 4-2.
I den legendariske semifinalen mot vertslandet Brasil under Fotball-VM 2014 stod han for den femte skåringa då Tyskland sigra med 7-1. Derimot kom han ikkje på i sjølve VM-finalen mot Argentina. Khedira representerte åra 2010-18 Tyskland i samtlege tre verdsmeisterskap og begge europameisterskapane. Fram til og med Fotball-VM 2018 deltok han i 77 landskampar, skåra 7 mål. Han var kaptein i til saman 8 landskampar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 2014 for Vest-Tyskland
- VM-bronse: 2010 for Tyskland
- EM-bronse: 2012 for Tyskland
- Vinnar av UEFA-meisterligaen: 2014 for Real Madrid
- Tysk ligameister: 2007 for VfB Stuttgart
- Spansk cupmeister: 2011 og 2014 for Real Madrid
- Spansk ligameister: 2012 for Real Madrid
- Italiensk seriemeister: 2016, 2017, 2018, 2019 og 2020 for Juventus
- Italiensk cupmeister: 2016, 2017, 2018 for Juventus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sami Khedira» frå Wikipedia på tysk, den 3. august 2026.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |