Palikir
Utsjånad
| Palikir | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Folketal | 6 227 | ||
![]() Palikir 6°55′04″N 158°11′06″E / 6.9177777777778°N 158.185°E | |||
| Wikimedia Commons: Palikir | |||
Palikir er hovudstaden i Mikronesiaføderasjonen. Han ligg på øya Pohnpei, og hadde i 2010 eit innbyggjartal på 6 674.[1] Han er del av kommunen Sokehs.
Palikir ligg rundt ei mil vest for Kolonia,[2] den største byen og den tidlegare hovudstaden i landet.[3] Han ligg i ein skogdekt del av Pohnpei. Den japanske okkupasjonsmakta bygde ei flystripe her under andre verdskrigen.[2]
Landområdet blei utpeikt i 1985 som ny hovudstad for føderasjonen, og staden for dei føderale institusjonane.[4] Det blei bygd eit kompleks med ni regjeringsbygningar her. Forbundsregjeringa tok offisielt dei nye lokala i Palikir i bruk i november 1989.[5] Presidenten, kongressen og høgsteretten i Mikronesiaføderasjonen held til her.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Palikir | national capital, Micronesia». Encyclopædia Britannica. Henta 28. februar 2016.
- 1 2 «Palikir». Infoplease.com. Henta 8. mai 2013.
- ↑ «Palikir | Pohnpei, Federated States of Micronesia, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 8. juli 2026
- ↑ «Capital of the FSM». fsmlaw.org. Henta 28. februar 2016.
- ↑ King, Joan: Federated States of Micronesia, The Contemporary Pacific, årg. 3, nr. 1, 1991, s. 184.
- ↑ «FSM - Legal Information System of the Federated States of Micronesia». fsmlaw.org. Henta 28. februar 2016.

