Nepali
| Nepali नेपाली | ||
| Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Indoarisk Nordleg Austleg pahari Nepali | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Nepalitalande i alt | 17 209 255[1] | |
| Skriftsystem | Devanagari | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i | ||
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1 | ne | |
| ISO 639-2 | nep | |
| ISO 639-3 | nep | |
| Wikipedia på nepali | ||
Nepali er eit indoarisk språk som særleg blir tala i Nepal. Det er offisielt nasjonalspråk i Nepal og eitt av dei 22 offisielle språka i India, der det også er offisielt språk i delstaten Sikkim. Nepali blir også brukt i andre delar av India, i Bhutan og i delar av Burma (Myanmar).
Historisk blei språket kalla khas (eller khas kura, kaskura), etter khas-folka vest i Nepal. Det er også kjend som gorkhali eller gurkhali, 'språket frå Gorkha', parbatiya ('språket frå fjella', identifisert med parbatiya-folka i Nepal), og lhotshammikha i Bhutan. Namnet «nepali» kom først i bruk då staten Nepal skifta namn frå Gorkha i 1930. Namnet «Nepal» er igjen avleidd av språknamnet newar.
Ein skriv nepali med skriftsystemet devanagari, som det har felles med mellom anna sanskrit og hindi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«nepali» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Nepali» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nepali Arkivert 2011-06-05 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
- Ethnologue: Nepali
- The State of the World's Refugees 2006 Bhutanese refugees in Nepal (UNCHR-rapport på engelsk.)