Modesto
| Modesto | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 116,046377 km² | ||
| Folketal | 218 464 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Modesto 37°39′41″N 120°59′40″W / 37.661388888889°N 120.99444444444°W | |||
| Wikimedia Commons: Modesto, California | |||

Modesto er ein by i Stanislaus County i delstaten California i USA. Byen har om lag 218 000 ibuarar ifølgje eit estima frå U.S. Census Bureau i 2022.[2]
Modesto ligg i San Joaquin Valley i Central Valley i California, 68 mile (109 km) sør for Sacramento og 90 mile (140 km) nord for Fresno. Han ligg også 40 mile (64 km) nord for Merced, 92 mile (148 km) aust for San Francisco, 66 mile (106 km) vest for Yosemite nasjonalpark og 24 mile (39 km) sør for Stockton.
Byen er omgjeven av frodig jordbruksland. Stanislaus County er det sjette countyet i California med omsyn til jordbruksproduksjon.[3] Den største familieeigde vingarden i USA, Gallo Family Winery, ligg her.[4]
Modesto er blitt æra som Tree City USA, ein by med god praksis for å røkta tre, av Arbor Day Foundation.[5]
Historie
[endre | endre wikiteksten]

Modesto var opphavleg ein stoppestad på jernbanen mellom Sacramento og Los Angeles som blei bygd av Central Pacific Railroad.[6] Då byen blei grunnlagd i 1870, føreslo medgrunnleggjaren av jernbaneselskapet, Mark Hopkins Jr., at han skulle kallast opp etter partnaren, bankmannen William C. Ralston. Ralston bad dei om å finna eit anna namn, og ein jernbanearbeidar utbraut på spansk at Ralston var ein audmjuk, eller modesto, mann. Medgrunnleggjaren Charles Crocker gav så staden namnet til ære for dette.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P98, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen. - Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P854, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
- ↑ «U.S. Census Bureau QuickFacts: Modesto, California». U.S. Census Bureau. Arkivert frå originalen 19. januar 2024. Henta 23. november 2023.
- ↑ «CA Farm Bureau – County Farm Bureaus». cfbf.com. Arkivert frå originalen 19. september 2010. Henta 6. august 2009.
- ↑ McCallion, Ruari. «Gallo Glass Company: Top of the glass». The Manufacturer. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 31. desember 2009.
- ↑ City of Modesto IT. «City of Modesto – Newsroom – Press Releases». modesto.ca.us. Arkivert frå originalen 29. februar 2012.
- ↑ «History of Modesto». City of Modesto. Arkivert frå originalen 27. mai 2023. Henta 16. mars 2021.
- ↑ «Greening of Paradise Valley - The First 100 Years of the Modesto Irrigation District» (PDF). Modesto Irrigation District. s. 2–3. Arkivert frå originalen (PDF) 2. mars 2021. Henta 2. november 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Modesto, California» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2019 og 14. juli 2026.
