Madagaskar
- For filmen, sjå Madagascar.
| Republikken Madagaskar | |||
| Repoblikan'i Madagasikara Republique de Madagascar | |||
|
|
|||
| Adjektiv: gassisk | |||
| Motto | Tanindrazana, Fahafahana, Fandrosoana (‘Fedreland, fridom og utvikling’) | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonaldag | 26. juni | ||
| Nasjonalsong | «Ry Tanindraza nay malala ô» | ||
| Hovudstad | Antananarivo | ||
| Offisielle språk | gassisk, fransk | ||
| Flatevidd | 587 295 km² | ||
| Folketal | 31 964 956 (2024)[1] | ||
| Sjølvstende frå Frankrike |
26. juni 1960 | ||
| Styresett | Republikk | ||
| • President | Michael Randrianirina | ||
| • Statsminister | Mamitiana Rajaonarison | ||
| BNP | 14 554 754 115 US-dollar (2021)[2] | ||
| HDI | 0,501 (2021)[3] | ||
| Gini | 42,6 (2012)[4] | ||
| Tidssone | UTC +3 | ||
| Valuta | Ariary (MGA) | ||
| ISO 3166-kode | MG | ||
| Toppnivådomene | .mg | ||
| Wikimedia Commons: Madagascar | |||
Madagaskar, offisielt Republikken Madagaskar,[a] er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i Indiahavet. Øya er den fjerde største i verda, og hyser rundt fem prosent av plante- og dyreartane i verda. 80 % av dei finst berre på Madagaskar.
Folk frå Madagaskar blir kalla madagassarar eller gassarar. Språket, som blir kalla madagassisk eller gassisk, høyrer til den austonesiske språkfamilien. Ein trudde lenge at øya blei folkesett av austronesiske innvandrarar frå Borneo i noverande Indonesia i dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel. Nyare forsking har vist at Madagaskar truleg blei art folkesett alt for 10 500 år sidan.
Frå 1896 til 1960 var landet ein fransk koloni. Tida etter sjølvstende har vore politisk ustabil, med fleire udemokratiske maktskifte.

Geografi
[endre | endre wikiteksten]

Madagaskar kan naturleg delast inn i fem geografiske regionar: Austkysten, Tsaratanana-massivet i nord, det sentrale høglandet, vestkysten og dei sørvestlege områda.
Det er to årstider på Madagaskar, ein varm og regnfull periode som varer frå november til april, medan ein kjølegare og tørr periode varer frå mai til oktober. Vindane kjem stort sett frå søraust, og syklonar kan opptre av og til.
Det er ingen aktive vulkanar på øya, men fleire stadar finst det varmekjelder.
Natur
[endre | endre wikiteksten]Den lange isoleringa til Madagaskar frå kontinenta rundt gjer at det har oppstått eit unikt biologisk mangfald her. Mange av dyra og plantane i landet finst ingen andre stader i verda. Nokre økologar kallar derfor Madagaskar for «det åttande kontinentet», sjølv om eit eigentleg kontinent blir ert definert ved at det har sitt eige innanlandsklima.
Om ein ser bort frå flaggermus, som kom dit luftvegen, og havlevande pattedyr, levde det opphavleg berre fire pattedyrordenar på øya; primatar, gnagarar, insekt (tenrekar) og rovpattedyr. Av krypdyr finst det mange arter av kameleon, daggekkoar og dei godt kamuflerte bladhalegekkoane. Øya har dessutan eit svært rikt fugleliv. I si tid levde den største fugla i verda, titanelefantfuglen (Vorombe titan), her. I snitt vog han kring 640 kg, men han kunne truleg vega opp mot 860 kg.[5]
Omtrent 150 000 av artane som lever på Madagaskar, eller 80 %, finst berre på øya. Sjølv om Madagaskar er ein del av Afrika, er dei fleste artene på øya nært i slekt med artar i Sør-Amerika og øyane i det sørlege Stillehavet. Avskoging har blitt eit større problem dei siste åra, og mange av artane på øya er no truga.
Den austlege kysten
[endre | endre wikiteksten]Den austlege kysten består av ei 50 kilometer brei stripe med lågland og er svært frodig i høve til resten av landet. Kystlinja her er for det meste heilt rett, bortsett frå ei naturleg hamn i nord. Innover i landet er det bratte fjell som grensar mot høglandet i dei sentrale områda.
Klimaet er subtropisk, og vindane frå Indiahavet i aust gjev mykje regn. I dette området er det omtrent 3500 mm nedbør i året.
Tsaratanana-massivet
[endre | endre wikiteksten]Tsaratanana-massivet i nord har mange høge fjell p¨å over 2000 meter. Det høgaste fjellet i massivet er 2876 meter høgt. Kystlinja her er svært oppriven, i motsetnad til den rette kystlinja langs den austlege kysten. Tsaratanana-massivet er dessutan eit relativt tørt område.
Det sentrale høglandet
[endre | endre wikiteksten]Høylandet strekkjer seg frå Tsaratanana-massivet i nord til Ivokoany-massivet i sør. I aust deler dei stupbratte fjella høglandet med austkysten. Frå dei austlege delane av høglandet er det svak «nedoverbakke» heile vegen ned til den vestlege kysten. Om ein ser øya frå sør eller nord, ser det derfor ut som om ho er skråstilt.
Området ligg omtrent 800 til 1800 meter over havet. Topografien her er variert. Det er både runde og eroderte fjell, store granittberg, slokna vulkanar og vidstrekte platå i regionen.
Hovudstaden Antananarivo, som ligg midt i landet, får omtrent halvparten av dei gjennomsnittlege 1,4 meterane med regn i regnsesongen. Sjølv om det sjeldan finst frost og rim i Antananarivo, er det vanlegare i høgare delar av høglandet i tørkeperioden.
Madagaskar er blitt kalla «Den raude øya». Grunnen består av lateritt, som gjer jorda raud på grunn av høgt innhald av jern og aluminium. Det er spesielt grunnen i høglandet som inneheld mykje lateritt.
Den vestlege kysten
[endre | endre wikiteksten]Den vestlege kysten er svært ujamn, i motsetnad til den austlege kysten. Han er samansett av mange lag som er blitt vorte danna over lengre tid. Den ujamne kystlinja gjer at det finst mange naturlege bukter her som har verna områda mot syklonar og hardt vêr. Djupe bukter og verna hamner har i hundrevis av år vore ein stad med utforskarar, handelsmenn og sjørøvarar frå Europa, Afrika og Midtausten. Området har difor vore eit viktig knyttepunkt mellom Madagaskar og omverda.
Sjølv om vestkysten er relativt tørr, er det store delar ein meiner kan bli til gode jordbruksområda. Men desse områda er tynt folkesette, og mykje er uutforska.
Dei sørvestlege områda
[endre | endre wikiteksten]Dei sørvestlege områda består av høge fjell, likt dei nordlege områda. I aust ligg Ivakoany-massivet og i nord ligg Isala Roiniforme-massivet. Det er to hovudområde her; Mahafaly-platået og ørkenområdet. I ørkenområdet held Antandroy-folket til.
Heile sørvest består av halvørken, med omtrent 330 mm nedbør i året, og er dermed tørrare enn både den vestlege kysten og det sentrale høglandet. Dei tørraste områda på Madagaskar ligg faktisk på den sørlegaste delen av øya.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Madagaskar heller oppover mot aust til ei skogkledd fjellrekkje som går frå sør til nord på øya. Den søraustlege passatvinden blir lyft oppover denne fjellrekkja (orografisk heving), og resultatet er ein nedbørsnormal på 2000–3000 mm (og enkelte stader meir) langs austkysten av øya. Perioden med minst regn i aust er frå september til november, sjølv om ein har regn om lag annankvar dag òg i denne perioden. Seinare på året, medan det er sumar på den sørlege halvkula, vert passatvinden svekt, og vestsida av øya får regn- og torebyer bortimot dagleg.
Madagaskar har lægre temperaturar enn dei fleste andre tropiske øyar, hovudsakleg på grunn av det høge terrenget. I juli kan temperaturane gå under 10 °C i områda høgare enn 1200 m. Desse områda ligg so høgt at dei får ein turr vestleg vind som blæs i høgda over den søraustlege passatvinden. Tropiske syklonar kan treffe Madagaskar, og særleg austkysten, kvart år og føre til store flaumar. Flaum er derimot ei lite sannsynleg hending på sørvestkysten som ligg i regnskugge. Desse områda får mindre enn 400 mm i året.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Republikken Madagaskar har ei blanding av aust-afrikansk (hovudsakleg bantu), asiatisk og polynesisk kultur. Medan gassisk er eit austronesisk språk med sterkt slektskap til maanjanspråket frå Borneo, viser DNA-studium at innbyggjarane på øya har delvis afrikansk, delvis indonesisk opphav, med noko arabisk innblanding.
Den nedskrivne gassiske historia tek til på 600-talet, då arabiske kjøpmenn skipa stasjonar langs den nordvestre kysten.
Dei fyrste menneska
[endre | endre wikiteksten]Det har tradisjonelt vorte anteke at Madagaskar fyrst blei folkesett for rundt 2 500-4 000 år sidan, men nyare forsking har vista at det må ha hendt alt for rundt 10 500 år sidan.blant Det er funne modifiserte beinrestar etter elefantfuglar i slektene Aepyornis og Mullerornis, som viser hoggmerke, kuttmerke og depresjonsbrot etter døden som stemmar med immobilisering og deling. Bevisa for menneskeskapt perimortem-modifisering av direkte daterte bein representerer den tidlegaste indikasjonen på menneske på Madagaskar, og predaterer alle andre arkeologiske og genetiske bevis med >6 000 år. Dei endrar fullstendig forståinga av historia til menneskeleg busetjing av Madagaskar.[6]
Den andre innvandringa
[endre | endre wikiteksten]Det finst beretningar frå arabiske skipparar som fortel om sjøfolk frå Waqwaq rundt 945 e.Kr..Det blir nemnt Waqwaq-øyar både i aust og vest. Det er sannsynleg at Waq-waq refererer til både Indonesia og Madagaskar. Forteljingane viser at indonesiske sjøfararar segla langs kysten av India til Arabia og deretter sørover langs kysten av Aust-Afrika. Dei kan ha brukt store kanoar med utriggarar. Relieff på tempelveggar i Borobudur på Java frå 760 e.Kr. viser store skip med to skip og segl. Fleire forskarar meiner at øya var folketom då dei fyrste indonesarane kom til øya. Men sjøfolk hadde kontakt med både afrikanarar og arabarar. Blodprøver og DNA-analyser viser at kystbefolkninga som oftast har meir afrikanske innslett enn innlandsbefolkninga. Dei eldste spora etter menneske som arkeologane hittil har avdekka ved kysten, er datert til ca. 400 e.Kr. I innlandet går dateringar tilbake til 1000-talet. Men innvandrarane kan ha vore der tidlegare. Det er òg mogleg at bantufolk hadde vore der før indonesarane, men dette finst det tvil ved fordi dei hadde dårlegare fartøy. Det finst likevel bantufolk på Komorane i nærleiken.
Mange kongedøme
[endre | endre wikiteksten]Etter kvart organiserte innflyttarane seg i landsbyar. Desse blei leia av småkongar som ofte var i strid med kvarandre. Difor blei landsbyane lagt på toppar i landskapet for lettare å forsvara dei. Folk levde av jordbruk og kvegdrift. Frå Afrika, blei det henta zebukveg, geiter, sauar og fjørkre. Desse har afrikanske namn. Kunsten å dyrka ris hadde folka med seg frå Indonesia. Madagaskar eigna seg godt både for dyrking av tørrlandsris og dyrking av ris i terrassar. Smedkunsten var også kjend, så dei smidde øksar og knivar. Frå 1100-talet av verker den arabiske påverknaden på politikk, religion og handelsverknad å bli meir tydeleg. Handelen på austafrikakysten blei overteken av arabarane, og utflyttarane mista kontakten med Indonesia. Komorane og nokre handelsstasjonar på austkysten var viktige basar for muslimsk påverknad. Astrologi og spådomskunst er påverka av arabisk tankegang, noko som viser seg i namn på dagar, månader og stjerner.
Det mest kjende kongedømet langs kysten var Sakalava-kongedømet i Menabe, som hadde hovudsete i det som i dag er byen Morondava. Det var òg Sakalava-kongedømet i Boina, som hadde hovudstad i dagens Mahajanga (Majunga) og i Toliara (Tulear). I innlandet var dei største kongedøma Betsileo, med sentrum i Fianarantsoa, og Merina med hovudstaden Antananarivo.
Europearane kjem
[endre | endre wikiteksten]
15. august 1500 oppdaga portugisaren Diogo Dias (Diego Dias) øya for europearane, og gavhenne namnet St. Laurentius-øya etter helgenen for denne dagen. Øya blei etter kvart ein mellomstasjon på vegen til India. Portugisarane starta katolsk misjon med lite hell, og forfølgde maurarane (muslimane). Etter kvart kom òg engelske, nederlandske, dansk-norske og franske sjøfararar til. I 1642 prøvde franskmennene freista å etablera ein koloni i Fort-Dauphin (dagens Tôlanaro), oppkalla til ære for kronprinsen, den seinare Ludvig XIV. Dei lykkast betre med øya Sainte Marie i 1750. Madagaskar låg midt i skipsleia for Indiafarten, og var ein ynda opphaldsstad for piratar frå 1685 til 1725. Det er truleg at norske piratar var dei første nordmenn på Madagaskar. (I British Museum finst eit kart underteikna av ein Seth Lofthus.)
1800-talet var prega av ekspansjonen til merinakongedømet. Før franskmennene gjorde Madagaskar til koloni i 1896, hadde merina-dynastiet kontroll over to tredelar av landet. Dei mest kjende kongane er Andrianampoinimerina (1787-1810) og Radama I (1810-1828). Deretter kom fire dronningar, Ranavalona I (1828-1861), Rasoherina (1863-1868), Ranavalon II (1868-1883) og Ranavalone III (1883-1896). I 1817 blei det inngått ein avtale mellom den britiske guvernøren og merinaherskaren som forbaud slavehandel, som til då hadde vore viktig for økonomien til øya. Til gjengjeld fekk regimet militær og økonomisk støtte frå Storbritannia. Engelske misjonærar frå London Missionary Society (LMS) kom til øya i 1818 og underviste i det latinske alfabetet. Fram til då hadde gassisk berre vore skrive med arabiske bokstavar av særleg skrivekunnige. Merinaregimet underskreiv traktatar med England, USA og Frankrike. Dei fyrste norske misjonærane frå Det norske misjonsselskapet (NMS) kom til Antananarivo i 1866. Dronning Ranavalona II og hovudet hennar konverterte til protestantismen (den reformerte kyrkja), som LMS hadde innført, i 1869. Den fyrste katolske messa blei feira i løynd i 1855 av ein fransk pater.
Kolonitida
[endre | endre wikiteksten]I 1885 godtok britane at Frankrike oppretta eit protektorat for Madagaskar, mot at britane gradvis fekk ta over Zanzibar. Frankrike tok full kontroll over Madagaskar gjennom militære maktmidlar i åra 1895-1896, og monarkiet til merinaene blei oppløyst. Franskmennene hadde som mål å innføra fransk språk og fransk kultur. I enkelte periodar var berre fransk godkjent i skuleverket. Men i misjonsskulane blei det undervist i morsmål i heile kolonitida. I denne tida blei det bygt vegar og jernbanar og anlagt plantasjar for å dyrka og eksportera koloniale råvarer til moderlandet.
Under den fyrste verdskrigen kjempa gassiske styrkar i Frankrike, Marokko og Syria. Også under andre verdskrigen deltok gassiske styrkar i kampar saman med franskmennene. Til å byrja med tok Vichy-regimet kontroll over øya, noko som utløyste ein britisk okkupasjon i 1942 for å hindra at landet fall i hendene til japanarane. Frie franske styrkar fekk overdrege øya i 1943.
Sjølvstende
[endre | endre wikiteksten]I 1947 braut det ut eit nasjonalistisk opprør, som blei slått ned etter fleire månader med bitre kampar. Frankrike reformerte institusjonane til øya i 1956 under Loi Cadre, lova om oversjøiske reformer, og dermed starta ein fredeleg veg mot sjølvstende. Det blei utropet ein autonom republikk den 14. oktober 1958. I 1959 blei det vedteke ein grunnlov for landet, og 26. juni 1960 fekk republikken fullt sjølvstende.
Dei spreidde øyane
[endre | endre wikiteksten]I Mosambikkanalen og rundt Madagaskar ligg øyane Glorieuses, Juan de Nova, Europa, Bassas da India og Tromelin, som i kolonitida høyrde inn under nemninga «Madagascar et dépendances». Frankrike erklærte øyane som sitt territorium i 1892 og i 1897 då Madagaskar blei annektert. Dette blei stadfesta i 1960, tre månader før Madagaskar blei erklært sjølvstendig.
SN si generalforsamling slo fast i sin resolusjon 34/91 av 12. desember 1979 at dei franske styresmaktene skulle starta forhandlingar med den gassiske regjeringa så snart som mogleg med sikte på å reintegrera desse øyane til Madagaskar. Men dette har vore ignorert av Frankrike, som i 2015 gav olje- og gasselskap løyve til å utforska førekomstane av olje og gass ved Juan de Nova.[7]
Den fyrste republikken
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste presidenten av Madagaskar, Philibert Tsiranana, blei vald då sosialdemokratiske partiar hans fekk makta etter sjølvstande i 1960. Han blei attvald utan motstand i mars 1972, men måtte gå av berre to månader seinare etter kraftige studentdemonstrasjonar. Den 5. februar 1975 gav etterfølgjaren hans, general Gabriel Ramanantsoa, makta til innanriksministeren Richard Ratsimandrava. Men han blei skoten i eit bakholdsangrepp etter berre 6 dagar.
Den andre republikken
[endre | endre wikiteksten]I juni 1975 blei det danna ei ny regjering under tidlegare utanriksminister Didier Ratsiraka. Med folkerøystinga om ein ny grunnlov i desember blei den andre republikken innført. Dei neste åra var prega av eit sosialistisk styre, der staten ville ha kontroll over produksjonsmidla. Men denne politikken blei ein økonomisk katastrofe. I 1989, same året som Berlinmuren fall, blei Ratsiraka gjenvald til sin tredje sjuårsperiode. Han forlet den sosialistiske politikken og tillet ei fleirpartisystem. Han freista òg å liberalisera økonomien og tiltala private føretak. Sensuren, som hadde lamma presse og opposisjon, blei oppheva, og den revolusjonære retorikken blei droppa. I skulen hadde gassisk språk hatt hovudtyngda, men no blei fransk gjeninnført som undervisningsspråk, for at studentar skulle kunna koma inn på franske universitet.
Den tredje republikken
[endre | endre wikiteksten]Store gatedemonstrasjonar i juni 1991 førte til politisk krise som enda med at Ratsiraka måtte gå av. Det uavhengige Kyrkjerådet leidde ein nasjonal kongress som gav landet ein ny grunnlov 19. august 1992. Dermed kom den tredje republikken og Albert Zafy blei vald til ny president 10. februar 1993. Men Zafy blei avsett på konsisjonelt grunnlag i juli 1996 av nasjonalforsamlinga, og landet kom inn i ei ny krise. Ved presidentvallt ved slutten av året gjorde Didier Ratsiraka comeback. Han gjeninnførte presidentstyret og reviderte grunnloven slik at han ikkje risikerte at nasjonalforsamlinga skulle gå mot han. Alt låg til rette for at han skulle bli gjenvald i desember 2001, etter ein regulær femårsperiode. Men han blei utfordra av borgarmeisteren i Antananarivo, Marc Ravalomanana. Ravalomanana var ein dynamisk forretningsmann som hadde slått seg opp på meieridrift og næringsmiddelproduksjon.
Etter valet oppstod det konflikt om valresultatet. Ravalomanana hevda at han allereie i fyrste valomgang hadde fått over 50 prosent av stemmane, medan Ratsiraka nekta for dette, og kravde ein andre valomgang. I februar 2002 utropte Marc Ravalomanana seg sjølv til president. I april same året fekk han medhald av grunnlovsdomstolen, Haute Cour Constitutionelle (HCC), og blei dermed lovleg innsett som folkevald president av HCC i mai 2002. Ratsiraka freista å kvela hovudstaden ved å sprenga bruer og setja opp vegseperringar, men måtte gje opp og flykta til Frankrike i juni 2002.
Etter den fyrste femårsperioden skulle det haldast nytt presidentval, og 3. desember 2006 blei Marc Ravalomanana gjenvald med 54,8 prosent av røystane. Han hadde utarbeidd ein dristig femårsplan for utviklinga på Madagaskar, Madagascar Action Plan (MAP), og sette mykje inn på å gjennomføra denne i den nye valperioden. Med slagordet «eg styrer landet mitt som eit føretak» stilte han krav til statstenestefolka, og fekk fart på økonomien og fekk bygd vegar, skular og annan infrastruktur.
I byrjinga av 2009 fann det stad store folkelege demonstrasjonar mot presidenten i Antananarivo. Presidenten blei anklaga for å koma i interessekonflikt ved at han blanda saman eigne interesser i næringsmiddelkonsernet TIKO med interessene til staten. Den unge ordføraren i Antananarivo, Andry Rajoelina, samla folk i gatene til demonstrasjonar mot presidenten. 26. januar 2009 utvikla demonstrasjonane seg til plyndringar og brannar. 7. februar blei eit trettitals menneske skotne av vaktane då folkemengda prøvde å innta presidentpalasset.
Etter at ei gruppe oberstar i hæren hadde gjort mytteri, tok dei parti for Andry Rajoelina, og tirsdag 17. mars 2009 gjennomførte Rajoelina eit statskupp med støtte frå dei militære. Ravalomanana måtte dra i eksil i Sør-Afrika. Rajoelina blei innsett som overgangspresident av grunnlovsdomstolen HCC. Etter kuppet oppløyste han nasjonalforsamlinga og senatet, og styrte ved hjelp av dekret. Det internasjonale samfunnet med SN og Den afrikanske unionen AU gjorde fleire forsøk på å mekla i konflikten utan resultat. Men i september 2011 underskreiv partane eit vegkart som la grunnlag for gjennomføringa av demokratiske val på president, nasjonalforsamling og kommunestyre.
Den fjerde republikken
[endre | endre wikiteksten]Den 17. november 2010 arrangerte Andry Rajoelina ei folkeavstemning om ein ny grunnlov som skulle bana vegen for den fjerde republikken. 11. desember 2010 blei den nye republikken feira med stor fest i hovudstaden samtidig som det nye rådhuset i byen blei innvigd. Men folkeavstemninga og Rajoelina sitt styre oppnådde ikkje internasjonal anerkjenning, og den politiske krisa førte til kutt i internasjonal stat-til-stat bistand og økonomisk naud. Mange mista jobbane sine, turismen braut saman og økonomien stagnerte.
På bakgrunn av veikart blei det 20. desember 2013 gjennomført val på ny president og ny nasjonalforsamling. Lørdag 25. januar 2014 blei den tidlegare finansministeren i regjeringa til Rajoelina Hery Rajaonarimampianina teken i eid som ny folkevald president. Den nye presidenten gjorde seg til talsmann for nasjonal forsoning. Den tidlegare presidenten Marc Ravalomanana fekk koma attende og fekk amnesti.
Hausten 2018 blei det gjennomført eit nytt regulært presidentval etter at femårsperioden til Rajaonarimampianinas var over. Ved andre runde 19. desember 2018 stod valet mellom den tidlegare overgangspresidenten Andry Rajoelina og den avsatte presidenten Marc Ravalomanana. Rajoelina vann valet med 55 prosent mot Ravalomananas 45 prosent. Men valdeltakinga var berre 47 prosent. 19. januar 2019 blei Andry Rajoelina teken i eid som president til Madagaskar for den komande femårsperioden. Ei ny regjering var på plass 24. januar med 22 ministrar og Christian Ntsay som statsminister. Etter at Madagaskar for fyrste gong sidan sjølvstendet klarte å få til eit demokratisk maktskifte utan gatedemonstrasjonar, blei òg dei internasjonale sambanda styrka.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Administrasjonsnivå
[endre | endre wikiteksten]Mellom 1975 og 1991 var Madagaskar delt opp i følgjande administrasjonsnivå:
|
Frå 2004 er det fire administrasjonsnivå: |
Per 2014 hadde Madagaskar seks provinsar (faritany) som var leia av ein generalkommissær. Frå 2004 er landet delt inn i 22 regionar som blir leia av ein prefekt. I 2014 hadde landet 1549 kommunar. I kvar kommune kan det vera fleire fokontany, som blir leia av representantar valde av folk i lokalsamfunnet.
Provinsar og regionar
[endre | endre wikiteksten]Madagaskar er indelt i seks provinsar (faritany):
|
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]

Folket på Madagaskar stammar frå innvandrar frå dagens Indonesia. Innvandringa har kome i fleire bølgjer, og jamt over er innlandsbefolkninga lysare i hudfarge enn dei ved kysten, og har ofte glatt svart hår. Dei kan nesten forvekslast med indonesarar eller filippinarar.
Langs kystane har det lenge vore kontakt med det afrikanske kontinentet. Folket her har ofte mørkare hudfarge og har ofte svart krusete hår. Det har òg vore arabisk, indisk og europeisk påverknad. Folket blir ofte delt opp i 18 etniske grupper eller «stammar». Den største folkegruppa er merina, med omtrent 3 millionar medlemmar, og betsileo med omtrent 2 millionar medlemmer. Langs vestkysten finst gruppa sakalava.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Det gassiske språket høyrer til den austonesiske språkfamiljen. Sidan gassarane er nært i slekt med indonesarar, delar det gassiske språket omtrent 90 % av grunnorda med maanyan-språket frå den søraustlege delen av Borneo i Indonesia.
Fransk blir mykje brukt i administrasjon, som handelsspråk og som akademisk og juridisk språk. Undervisningsspråket i høgare klasser og på dei seks universiteta er fransk. Franske skular og skular som legg vekt på fransk språk har høg status, fordi det gjev høve til betre betalt arbeid. Det finst få lærebøker på gassisk, og undervisinga i morsmålet er ofte mangelfull.
Det er populært å læra engelsk, men det finst svært få miljø der ein kan praktisera engelsk på Madagaskar. President Marc Ravalomanana la stor vekt på å utbreida engelsk, men etter statskuppet i 2009 der Andry Rajoelina tok makta, er fransk nesten blitt einerådande igjen. I private skular drivne av lutherske og reformerte kyrkjer har morsmålet hatt ei viktigare rolle, medan dei katolske skulane som oftast har prioritert fransk.
I grunnloven til Madagaskar frå 1960 er gassisk og fransk gjevne status som offisielle språk. President Ravalomanana fekk endra grunnloven slik at engelsk òg fekk plass som offisielt språk, men i den nye grunnloven som blei vedteken i folkeavstemminga 17. november 2010 (den fjerde republikken), er berre gassisk og fransk nemnde. Franske stadnamn blir ofte nytta ved sida av dei gassiske namna, til dømes for Fort Dauphin, Tolagnaro. På nyare kart er dei gassiske namna oppgjevne.
Religion
[endre | endre wikiteksten]Omtrent 45 % av innbyggjarane i landet er kristne. Det er nesten heilt likt fordelt på katolikkar og protestantar. Dei største kyrkjene er Den katolske kyrkja, Den reformerte kyrkja, den lutherske kyrkja og Den anglikanske kyrkja. Saman har dei danna eit felleskyrkjelig råd (FFKM) som òg har mekla i politiske konfliktar, som i 1991-1992. I seinare tid har òg pinsekyrkjene og ulike frikyrkjelydar hatt sterk vekst.
Tradisjonelle religionar (48 %) har ein sterk plass, særleg på landsbygda. Men òg mange kristne praktiserer tradisjonelle rituale når det gjeld tilhøvet mellom liv og død og val av gunstige dagar for viktige gjeremål, som omskjering, bryllaup, husbygging, viktige reiser og liknande.
Eit særpreg for dei tradisjonelle religionane er tilbeding av og ofring til avdøde forfedrar. Særleg kjende er likvendingsritane som blir praktiserte av merina- og betsileo-gruppene i høglandet. Desse inneber at knokkelrestane etter dei døde blir tekne ut av gravene i særskilde seremoniar. Liksveipet på knoklane blir bytta av familien og hendinga blir feira med musikk, song og dans og god mat og drikke. Andre folkegrupper praktiserer ikkje likvending, men felles for alle gruppene på Madagaskar er respekten for anene og viktige ritar knytte til død og gravlegging.
Tabu har ei viktig rolle i gassisk tradisjonell religion. Det finst ei rekkje reglar for kva, ein kan og ikkje kan gjera. Tabubrot meiner ein kan medføra sjukdom, død og forbanning.
Eksorsisme, utdriving av vonde ånder, er svært vanleg, både blant tradisjonelle truande og kristne. Nokre kristne vekkingsrørsle kastar ut vonde ånder og demonar i Jesu namn og meiner at dei kan lækja sjukdom på denne måten, slik som på Jesus si tid.
Langs nordvestkysten er det òg fleire muslimar (på landbasis utgjer dei 7 %). Nokre stadar på austkysten fører nokre slekter røtene sine tilbake til Mekka. Dette kjem av tidleg arabisk innverknad. I desse områda finst òg skriftlærde som kan skriva gassisk med arabiske bokstavar (sorabe).
Mange innvandrarar av indisk og pakistansk avstamming er sunni-muslimar.
Misjonsverksemd
[endre | endre wikiteksten]Portugisarane var dei fyrste som prøvde kristen misjon på øya, utan særleg suksess, på 1600-talet. Seinare kom franske og britiske misjonærar til. Dei lågkyrkjelege britiske misjonærane frå London Missionary Society (LMS) kom til Antananarivo i 1818 og byrja å omsetja Bibelen til gassisk. Dei starta òg leseutdanning. Merina-kongen Radama I (styrte 1818-1828) var svært interessert i arbeidet og bestemte at gassisk skulle skrivast med latinske bokstaver. I 1827 kunne nesten 4000 gassarar lesa og skriva. Åtte år seinare kunne 30 000 lesa.
Misjonærane rakk akkurat å omsetja heile Bibelen før dei måtte forlate landet fordi dronning Ranavalona I (styrte 1828-1861) opplevde at misjonærane truga den tradisjonelle kultten. Ho sette i gang forfølgingar mot dei som var blitt kristne. Då dei britiske misjonærane kom tilbake i 1860-åra, var det fleire kristne enn då dei reiste, til trass for 30 år med forfølgingar av kristne.
Oppmuntra av desse nyhenda sende òg Det Norske Misjonsselskapet (NMS) dei fyrste misjonærane sine til Madagaskar i 1866. John Engh og Nils Nilsen som byrja arbeidet i Betafo i 1867. Sidan har det vore norske misjonærar på øya utan avbrot. Dei satsa på skule- og helsearbeid, og bygde handverksskular og jordbruksskular. Også omsorg for spedalske og arbeid for blinde og døve fekk ein viktig plass. I 1950 oppretta gassiske kristne saman med norske, amerikanske og franske misjonærar Den gassisk-lutherske kyrkja (FLM) på Madagaskar. Etter kvart er det denne kyrkja som styrer alt det lutherske kyrkjelege arbeidet. Kyrkja har nærare 3 millionar tilhengarar.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste næringsvegane på Madagaskar er jordbruk, fiske, gruveindustri, tekstilindustri, turisme og anna tenesteyting.
Landbruk og fiske
[endre | endre wikiteksten]Nesten 80 prosent av folkesetnaden på Madagaskar bur på landsbygda. Jordbruk og kvegdrift dannar difor det viktigaste inntektsgrunnlaget for størstparten av folkesetnaden. Folkevekst har ført til oppdeling av gardar, og jordmangel er eit stort problem i dei tettest folkesette områda. Produktiviteten er låg. Norsk innsats gjennom misjon (NMS) og Norad har bidratt til viktig auka av mjølkeproduksjon i innlandet. Det lokale zebukveget er blitt kryssa med norsk raud fe (NRF). Dette kunne blant anna danne grunnlaget for president Marc Ravalomanana sin viktige næringsindustri gjennom selskapet TIKO (meieri og næringsmiddel). Etter krisa i 2009–2014 har denne produksjonen stagnert. Men jordbruket har stort potensial. Kaffi og krydder som pepar, vanilje og nellik er viktige eksportvarer.
Fiske og rekeopdrett er viktig for folk ved kysten. Men Madagaskar har inga effektiv kystvakt, og det finst mykje tjuvfiske frå andre makter innanfor fiskerisona. Eksport av reker og hummar (langouste), særleg til Frankrike, har stor økonomisk tyding.
Mineral- og petroleumsindustri
[endre | endre wikiteksten]Ei av dei største investeringane i denne sektoren er gjort i nærleiken av Tolagnáro (Fort Dauphin) på sørøstkysten. Selskapet Qit Madagascar Mineral (QMM) er ei kanadisk avdeling av det internasjonale gruveselskapet Rio Tinto. Ilmenittverket skal kunna leverera titanmalm i 60 år med ein produksjon på 750 000 tonn årleg.
Eit anna stort gruveprosjekt er nikkel- og koboltproduksjon frå gruveselskapet Ambatovy med røyrleidning gjennom regnskogen ned til hamnebyen Toamasina. Selskapet Sherritt er eigd av kanadiarar, japanarar og sørkoreanarar. Det produserer 60 000 tonn nikkel og 5 600 tonn kobolt årleg.
Det er rike kolleie i Sakoa på Sørvest-Madagaskar. Det thailandske selskapet Pana Africa Mining (PAM) ventar på politisk normalisering for å koma i gang med utvinning av kolet ved Ampanihy. Dei forventar 3-5 millionar tonn ved oppstarten.
Frå 2012 har aksjeselskapet Madagascar Oil produsert tungolje i Tsimiroro på vestkysten, ca. 125 km aust for Maintirano. Berre i Tsimiroro kan det bli 150 000 fat per dag. Ved Sakaraha har det kinesiske selskapet Sunpec påvist 270 000 tonn olje i blokk 3113. Det er påvist gasreservar i blokk 3112.
I tillegg er det konstatert store gassførekomster ved øyane Europa og Juan de Nova i Mosambik-kanalen. Men det er strid om rettane til desse øyane, då franskmennene hevdar at dei tilhøyrer dei, medan Madagaskar hevdar at de er ein del av gassisk territorium.
I 1998 blei det funne safirar i dagbrot i Ilakaka på vegen mellom Ihosy og Toliara. Det blei reine Klondyke-stemningen. På ti år voks Ilakaka til ein by med 60 000 innbyggjarar.
I 2016 blei det kinesiske gruveselskapet Jiuxing Mines gjeve konsesjon for å utvinna gull ved landsbyen Soamahamanina, ikkje så langt frå hovudstaden. Men tillatinga blei følgd av store folkelege protester.
For øvrig blir det vunne ut mange edelsteinar, kvarts, bauxitt, grafitt, uran, krom og gull på Madagaskar. Men det er ei utfordring å få kontroll over marknadene for desse forekomstane. Mykje blir omsett ulovleg.
Tekstilindustri
[endre | endre wikiteksten]Under styret til Marc Ravalomanana var Madagaskar eit av dei fyrste landa som fekk inngå avtale om tollfri eksport av tekstilvarer til USA gjennom African Growth and Opportunity Act (AGOA).[8] Dette gav arbeid til fleire titusentals menneske i frihandelssonene. Etter statskuppet i 2009 blei denne avtalen frosen, og tusenvis av fattige tekstilarbeidar mista jobba sine.[9] Med den demokratisk valde president Hery Rajaonarimampianina på plass, blei desse avtalane gjenopptakne.[8]
Turisme
[endre | endre wikiteksten]85 prosent av flora, 39 prosent av fugla, 91 prosent av krypdyr og 100 prosent av lemurane er endemiske, det vil seie at dei berre finst på Madagaskar. Dette gjev store høve for økoturisme. Særleg populære er besøk i nasjonalparkene der ein i tillegg til lokale vekster kan møta lemurer som indri, lemur katta og dansande sifaka.
Det føregår framleis rovhogst og ulovleg eksport av edeltre frå nasjonalparkar, òg dei som står på UNESCO si liste over verdsarv.[10] Også truga dyrearter, som stråleskjelpadde, blir eksportert ulovleg. Skogbrenning og manglande forvalting gjer at mykje av den særeigne naturen, plante- og dyrelivet på Madagaskar forsvinn år for år. Under president Rajoelina er det sett i gang større kampanjar for skogplanting for å bremsa den uheldige klimautvlinga.
Det blir bygd nye hoteller og restaurantar som gjer at turistindustrien er aukande. Før statskuppet i 2009 hadde Madagaskar 375 000 turistar. Talet fall drastisk under den politiske krisa som varte fram til 2014, men var oppe i 486 000 i 2019, før talet på turistar under koronapandemien i 2020/2021 fall til eit historisk botnnivå.[11]
Korrupsjon
[endre | endre wikiteksten]Korrupsjon er svært utbredd og rammar særleg dei fattigaste. Særleg berykta er rettsvesenet, politiet og militæret. Ravalomanana oppretta det uavhengige kontoret for kamp mot korrupsjon med norsk bistand (BIANCO). Men korrupsjonen har halde fram. Transparency International rangerte Madagaskar som nummer 149 av 180 land med ein Corruption Perception Index (CPI) score for 2020 på 25.
| Åra | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Corruption Perception Index (0-100) | 31 | 32 | 34 | 30 | 26 | 30 | 32 | 28 | 28 | 28 | 26 | 24 | 25 | 24 | 25 |
Norsk-gassiske samband
[endre | endre wikiteksten]Madagaskar har vore eit viktig samarbeidsland for norsk misjon sidan 1867. Den norske Amerikalinje (NAL) hadde gjennom dotterselskapet sitt Scandinavian East Africa Line (SEAL) rutefart på Madagaskar frå 1921 til 1981. Også Norad har engasjement på Madagaskar. Det var norsk ambassade på Madagaskar frå 2004 til 2011, då ambassaden blei redusert til ein ambassadeseksjon under Sør-Afrika. Mange nordmenn er blitt tildelte utmerkingar i Madagaskar sin nasjonalorden.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Madagascar». Verdsbankgruppa. Henta 12. oktober 2025.
- ↑ «GDP (current US$)». Verdsbanken. Henta 26. august 2023.
- ↑ «Human Development Report». 2022.
- ↑ «Gini index». Verdsbankgruppa.
- ↑ Hansford, J. P., & Turvey, S. T. (2018). Unexpected diversity within the extinct elephant birds (Aves: Aepyornithidae) and a new identity for the world's largest bird. Royal Society open science, 5(9), 181295. DOI: https://doi.org/10.1098/rsos.181295
- ↑ Hansford, J., Wright, P. C., Rasoamiaramanana, A., Pérez, V. R., Godfrey, L. R., Errickson, D., ... & Turvey, S. T. (2018). Early Holocene human presence in Madagascar evidenced by exploitation of avian megafauna. Science Advances, 4(9), eaat6925. DOI: https://doi.org/10.1126/sciadv.aat6925
- ↑ «Mozambique Channel: France keeps on oil prospection». Enez Green. 5. oktober 2015. Henta 28. januar 2025.
- 1 2 «AGOA and Dutch Disease: The case of Madagascar» (på engelsk). Brookings.edu. 18. februar 2015. Henta 28. januar 2025.
- ↑ «Madagascar's exclusion from AGOA to continue for now» (på engelsk). African Growth and Opportunity Act (AGOA). 6. januar 2013. Henta 28. januar 2025.
- ↑ «UNESCO recognizes threats to Madagascar rainforest» (på engelsk). WWF. 4. august 2010. Henta 28. januar 2025.
- ↑ «Tourism in Madagascar» (på engelsk). worlddata.info. 1. desember 2024. Henta 28. januar 2025.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Madagaskar» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2026.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Bakke, Jon Erik. 1992. Madagaskar. Et levende museum. Stavanger: Det Norske Misjonsselskap.
- Beaujard, Philippe. 2003 -2004. Les arrivées austronésiennes à Madagascar: vagues ou continuum? I Etudes Océan Indien. Langues et cultures de l’océan Indien occidental. No. 35-36. Paris: Institut national des langues et civilisations orientales. (INALCO). 59-147.
- Birkeli, Fridtjov m.fl. 1949. Det Norske Misjonsselskaps historie. Madagaskar Innland, Vest-Madagaskar, Øst-Madagaskar. Bind 4 av Det Norske Misjonsselskaps historie i hundre år. Stavanger: Dreyer.
- Birkeli, Fridtjov. 1952. Politikk og misjon. De politiske og interkonfesjonelle forhold på Madagaskar og deres betydning for den norske misjons grunnlegging 1861-1875. Oslo: Egede-Instituttet.
- Bloch, Maurice. 1971. Placing the Dead. Tombs, Ancestral Villages, and Kinship Organization in Madagascar. London: Seminar Press.
- Dahl, Otto Chr. 1950. Bibelen på Madagaskar. I H.Chr. Mamen 1950. Norske misjonærer som bibeloversettere Oslo: Egede-Instituttet. 128-173.
- Dahl, Otto Chr. 1951 Malgache et Maanjan. Une comparaison linguistique. Oslo: Egede-Instituttet.
- Dahl, Otto Chr. 1970. Sjøfart over Indiahavet i oldtid og middelalder. I A. Skartveit. (red.). Den verdshistoria vi ikkje kjenner 2. Araberlanda, Aust-Europa, Afrika og Amerika. Oslo: Det Norske Samlaget.
- Dahl, Otto Chr. 1991.Migration from Kalimantan to Madagascar.The institute
- Dahl, Øyvind. (red.) 1993. Language – a Doorway Between Human Cultures. Tributes to Dr. Otto Chr. Dahl on His Ninetieth Birthday. Oslo: Novus.
- Dahl, Øyvind. 2008. Merkverdige Madagaskar. Øya mellom øst og vest. 2. utgave. Oslo: Spartacus forlag. ISBN 978-82-430-0420-7.
- Deschamps, Hubert. 1972. Les pirates à Madagascar. Paris: Editions Berger-Levrault.
- Dick-Read, Robert. 2005. The Phantom Voyagers. Evidence of Indonesian Settlement in Africa in Ancient Times. Winchester: Thurlton.
- Edland, Sigmund. 2006. Evangelists or Envoys ? The role of British missionaries at turning points in Malagasy political history, 1820 – 1840. Documentary and Analysis. Stavanger: Misjonshøgskolens Forlag.
- Fuglestad, Finn og Jarle Simensen. (red.). 1986. Norwegian Missions in African History. Vol 2: Madagascar. Oslo: Norwegian University Press.
- Gueunier, Noël J. 1994. Les chemins de l’Islam à Madagascar. Paris: L’Harmattan.
- Jørgensen, Torstein (red.) 1992. I tro og tjeneste. Det Norske Misjonsselskap 1842-1992. Bind 1. Stavanger: Misjonshøgskolen.
- Mack, John. 1986. Madagascar. Island of the Ancestors. London: The Trustees of the British Museum by British Museum Publications Ltd.
- Munthe, Ludvig. 1985. Venstrehandsmisjon? Misjonslegar på Madagaskar. Oslo: Luther Forlag.
- Nielssen, Hilde Wallem 2012. Ritual imagination : A study of tromba possession among the betsimisaraka in eastern Madagascar. Brill.
- Ruud, Jørgen. 1960. Taboo. A study of Malagasy Customs and Beliefs. Oslo: Oslo University Press, 2nd ed. 1970, Tananarive: Trano Printy Loterana.
- Sharp, Leslie A. 1993. The Possessed and the Dispossessed: Spirits, Identity, and Power in a Madagascar Migrant Town. Berkely: Univ. of California Press.
- Skeie, Karina Hestad. 2005. Building God’s Kingdom in Highland Madagascar. Norwegian Lutheran Missionaries in Vakinankaratra and Betsileo 1866 – 1903. Faculty of Humanities. Oslo: University of Oslo.
- Skjortnes, Marianne. 2014. Restoring Dignity in Rural and Urban Madagascar. On how Religion Creates New Life-Stories. Peter Lang.
- Vea, Ellen Rosnes. 2020. The Norwegian Mission’s Literacy Work in Colonial and Independent Madagascar. Routledge Research in Literacy 11
- Vérin, Pierre. 1990. Madagascar. Paris: Editions Karthala.
- Vig, Lars. 1969. Charmes – Spécimens de magie malgache. Oslo: Universitetsforlaget.
- Afrika. Oslo: Schibsted. 1979. s. 81. ISBN 8251607450.
- Lundstøl, Sigrun Riedel (1995). Land i Afrika. Oslo: Faktum. s. 95. ISBN 8254002312.
