Hopp til innhald

Kenneth Kaunda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenneth Kaunda

Fødd28. april 1924
Chinsali
Død17. juni 2021 (97 år)
Statsborgar avZambia, Storbritannia
PartiUnited National Independence Party
ReligionPresbyterianisme
Yrkepolitikar, lærar, fridomskjempar, regjeringssjef
Utdanna vedMunali Secondary School
Rusangu University
MorHelen Nyirenda Kaunda
FarDavid Julizya Kaunda
EktefelleBetty Kaunda
BarnTilyenji Kaunda
Alle verv
  • Zambias president (1964–1991)
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1970–1971)
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1987–1988)
  • generalsekretær i Den alliansefrie bevegelse (1970–1973)
  • Zambias statsminister (1964–1964)
  • Member of the National Assembly of Zambia
  • Defence Minister (1973–1979)
  • Defence Minister (1964–1970)
  • president Sjå dette på Wikidata

Kenneth David Kaunda (28. april 1924–17. juni 2021) var ein zambisk politikar som frå 1964 til 1991 var den første statsleiaren i Zambia.[1]

Frå 1958 var Kaunda ein av dei fremste i kampen for sjølvstende frå det britiske imperiet. Etter Zambia, det tidlegare Nord-Rhodesia, vart sjølvstendig i 1964 vart Kaunda vald til president i landet. Han lukkast i å hindre stammekrigar, men under valet i 1968 kom det til vald mellom grupper i partiet hans. Kaunda beheldt likevel makta. Etter vald mellom ulike stammar og parti i 1972, vedtok Kaunda-regjeringa å forby andre parti enn det sosialistiske sjølvstendepartiet (UNIP).

I 1970-åra skaffa den zambiske staten seg kontroll over drifta av kopargruver som utanlandske selskap eigde. Også andre industriar vart statstyrte. Store investeringar i gruvesektoren, og låg interesse for jordbruket, leia landet inn i eit økonomiske uføre etter oljekrisa 1973-74. Statlege mat-subsidiar til dei fattige i byane bidrog til å redusere avlingane i landbruket. Aukande oljeprisar og særleg prisfall på kopar forverra den økonomiske stoda. I tillegg førte minkande investeringar frå utlandet og lågare bistand, og stigande korrupsjon i Kaunda-regjeringa, til ei gradvis utarming av land og folk. Arbeidsløysa steig, levekåra forverra seg og tilboda om utdanning og sosiale tenester forfall.

Kaunda var i mange år engasjert i striden mot minoritets-styra i Sør-Rhodesia og Sør-Afrika. For Zambia var økonomiske sanksjonar mot Sør-Rhodesia kostbare. Sist i 1970-åra tillet elles Kaunda at rhodesiske geriljastyrkar kunne trekke inn i Zambia.

Utan motkandidatar i 1978 og 1983 heldt fram Kaunda å styre Zambia. Fleire forsøk på kupp tidleg i 1980-åra vart slått ned. Auka misnøye i befolkninga og ein styrka politisk opposisjon tvinga Kaunda i 1990 til å opne for at opposisjonsparti kunne dannast, noko som la grunnlaget for frie val i 1991. Kaunda og UNIP vart grundig slått av Fleirparti-rørsla (MMD) i 1991-valet. Den 2. november 1991 tok Frederick Chiluba over styringa av Zambia.

  1. ↑ «Zambia's first President Kenneth Kaunda dies at 97». Africanews (på engelsk). 17. juni 2021. Henta 17. juni 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kenneth Kaunda