Hopp til innhald

Kapp Verde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Kapp Verde
República de Cabo Verde
Adjektiv: kappverdisk
Motto Unidade, Trabalho, Progresso (portugisisk: 'Eining, arbeid, framsteg')
Nasjonaldag 5. juli
Nasjonalsong «Cântico da Liberdade»
Hovudstad Praia
Offisielle språk portugisisk, kappverdisk kreol
Flatevidd 4 033 km²
Folketal 555 988 (2020)[1]
Historie  
 •  Sjølvstende gjeve
     av Portugal
5. juli 1975
Styresett Republikk
 •  President José Maria Neves
 •  Statsminister Francisco Carvalho
BNP 2 091 741 774 US-dollar (2021)[2]
HDI 0,662 (2021)[3]
Gini 42,4 (2015)[4]
Tidssone UTC -1
Valuta Kappverdisk escudo
Telefonkode +238
ISO 3166-kode CV
Toppnivådomene .cv
Wikimedia Commons: Cape Verde

Kapp Verde (portugisisk Cabo Verde) er ein øystat utanfor vestkysten av Afrika, nord i Atlanterhavet.[5][6] Han omfattar ti vulkanøyar som har eit totalt areal på rundt 4 000 km².[7.1]

Øyane, som tidlegare var aude, blei oppdaga og busette av portugisarar på andre halvdel av 1400-talet, og blei seinare brukte som hamn for den afrikanske slavehandelen. Dei fleste av dagens innbyggjarar på øyane stammar frå begge desse gruppene. Cape Verde er kalla opp etter Cap-Vert, det vestlegaste punktet på Fastlands-Afrika, som i dag høyrer til Senegal.

Kart over Kapp Verde.

Kapp Verde er ei gruppe av ti store og åtte mindre vulkanøyar. Dei kan delast inn i ei nordleg og sørleg gruppe, Barlavento (vindsideøyane) og Sotavento (lesida).

Øyane ligg i eit tropisk klimaområde der det lett kan dannast tropiske orkanar. Sidan desse orkanane har heile Atlanterhavet til å byggja seg opp i når dei går vestover, kan dei bli særs valdsame, og høyrer til ein eigen type såkalla Kapp Verde-orkanar.

Øyane ligg i det nordleg grenseområdet til det tropiske regnbeltet, og dette gjer at regnmengdene kan variere mykje frå år til år. Regnet kjem hovudsakleg mellom august og oktober, og er minst ved havnivå, men aukar litt i åsane. Praia har ein årleg nedbørsnormal på 261 mm. Temperaturane er tropisk og ein har ikkje kaldare periodar i løpet av året, sjølv om temperaturane varierer til ei viss grad. Dei kjøligaste månadane er desember til mars. Kombinasjonen av sterk varme og høg fukt kan vere ubehageleg, men ein dagleg sjøbris kan betre desse forholda. Om vinteren kan stormar blese støv frå Sahara som skuggar for sola, men normalt har Kapp Verde solskin kvar dag.

Stranda på øya São Vicente.
Foto: Henryk Kotowski

Øyene har vulkansk opphav. Den aktive vulkanen Fogo er det høgaste punktet i øygruppa med ei høgd på 2829 meter over havet.[7.2] På øyane Sal og Maio finst det saltflater.

Berggrunnen består av basalt og pyroklastiske bergartar som er mykje lik som på andre øyar ved den midtatlantiske ryggen. På Kapp Verde er vulkanittene opptil 180 millionar år gamle. Området er òg vulkansk aktivt i dag.

Det var i 1444 at øyane blei oppdaga av Diogo Dias. Nybyggjarar slo seg ned på São Tiago i 1462 og grunnla Ribeira Grande (no Cidade Velha), den første permanente europeiske kolonien i tropane.

Øygruppa bygde seg opp som senter for slavehandel mellom Afrika og Amerika. Koloniane blei frå tid til anna raida av sjørøvarar. Etter eit slikt åtak på Ribeira Grande i 1712 gjekk byen tilbake, og hovudstaden blei flytta til Praia i 1770.

Krav om sjølvstende voks fram utover 1900-talet, og som svar på dette blei kolonien gjort om til ein oversjøisk portugisisk provins i 1951. Likevel danna kappverdaren Amílcar Cabral saman med Rafael Barbosa frå Portugisisk Guinea eit parti for sjølvstende for desse to landa, PAIGC, i 1956. Med støtte frå Sovjetunionen starta partiet eit væpna opprør i Guinea i 1961. Etter militærkuppet i Portugal i 1974 gjekk den nye regjeringa med på å gje sjølvstende til landa, og Kapp Verde blei formelt sjølvstendig den 5. juli 1975.

Ponta do Sol, Santo Antão.
Foto: Lenilda Duarte (2024)

Kapp Verde er ein liten nasjon med få naturressursar. I tillegg er øyane plaga av vassmangel, til tider tørke. Størsteparten av året kan ein berre driva jordbruk på dei fire største øyane. Dei viktigaste eksportartiklane er skaldyr, tunfisk og bananar.

Sidan slutten av 1990-åra har økonomien likevel vakse, særleg når det gjeld tenesteyting. Øyriket har eit nært økonomisk samarbeid med Portugal, og har bunde valutaen sin til portugisiske escudos og sidan 1999 til euroen.

  1. ↑ «World Bank Open Data». Henta 26. oktober 2021.
  2. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. ↑ «Human Development Report». 2022.
  4. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. ↑ «Kapp Verde» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. ↑ «Cabo Verde» (på engelsk). Britannica. Henta 3. juli 2026.
  7. «The Peace Corps Welcomes You to Cape Verde» (PDF). Peace Corps. april 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 27. april 2017.
    1. ↑ side 23
    2. ↑ side 24

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kapp Verde