Ingusjisk
Utsjånad
| Ingusjisk ГІалгІай ğalğaj | ||
| Klassifisering | Dagestansk Nakh-språk Tsjetsjensk-ingusjisk Ingusjisk | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Skriftsystem | Det kyrilliske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | inh | |
| ISO 639-3 | inh | |
Ingusjisk er eit dagestansk språk som blir snakka av rundt 405 000 ingusjarar[1] i den russiske republikken Ingusjetia.
Ingusjisk utgjer saman med tsjetsjensk og batsisk greina nakh-språk i den dagestanske språkfamilien. Det er likevel berre tsjetsjensk og ingusjisk som er innbyrdes forståelege.
Frå og med tidleg på 1900-talet vart språket skrive med det arabiske alfabetet. Ei tid etter oktoberrevolusjonen, frå og med midt på 1920-talet bytte brukarane til det latinske alfabetet, som seinare vart erstatta av det kyrilliske, alt dette i pakt med den til ei kvar tid rådande sovjetiske språkpolitikken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tall fra den russiske folketellinga i 2002, arkivert frå originalen 22. juni 2020, henta 20. november 2015
- Denne artikkelen bygger på «Ingusjisk» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2015.