Hopp til innhald

Belarus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hviterussland)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Belarus (fleirtyding).
Republikken Belarus
Рэспубліка Беларусь
Республика Беларусь
Tidlegare namn: Kviterussland
Adjektiv: belarusisk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 3. juli
Nasjonalsong «My, bjelarusy»
Hovudstad Minsk
Offisielle språk belarusisk,[1][2] russisk[3][2]
Flatevidd 207 596,76 km²
Folketal 9 056 080 (1. januar 2026)[4]
Historie  
 •  Kyivriket 882
 •  Folkerepublikken
     Belarus
25. mars 1918
 •  Kviterussisk SSR 31. juli 1920
 •  Sjølvstende frå
     Sovjetunionen
27. juli 1990
(Erklært )
25. august 1991
(Anerkjent )
Styresett Semipresidentiell republikk under eit autoritært diktatur
 •  President Aljaksandar Lukasjenka
 •  Statsminister Aljaksandr Turtsjyn
BNP 72 793 457 588 US-dollar (2022)[5]
HDI 0,808 (2021)[6]
Gini 24,4 (2020)[7]
Tidssone UTC +3
Valuta Belarusisk rubel
Telefonkode +375
ISO 3166-kode BY
Toppnivådomene .by
Wikimedia Commons: Belarus

Belarus,[a] tidlegare kjent som Kviterussland (bela tyder kvit), offisielt Republikken Belarus,[b] er ein republikk i Aust-Europa som grensar til Latvia i nord, Litauen i nordvest, Russland i aust, Polen i vest og til Ukraina i sør.[8][9]

For meir om dette emnet, sjå Belarusisk geografi.

Belarus er omgitt av land, er relativt flatt og inneheld store område med myrlendt landskap, innsjøar og elvar. Det største myrområdet er Polesie, som er eit av dei største myrområda i Europa. Det finst 11 000 innsjøar og vatn i Belarus, men dei fleste er mindre 0,5 kvadratkilometer. Tre store elvar renn gjennom landet, Nemunas, Pripjat og Dnepr. Det høgaste punktet i Belarus er Dziarzjynskaja med 345 meter, og det lågaste punktet er Nemunas med 90 meter.

I lag med Polen deler Belarus Białowieżaskogen (Belaveskaja pusjtsja på belarusisk), som er restane av urskogen som ein gong dekte heile Det nordeuropeiske låglandet.

Belarus har eit fuktig kontinentalklima, som er mykje det same som klimaet i Litauen og nordlege delar av Ukraina. Vinteren er kald over heile landet, av og til iskald når kaldluft strøymer sørvestover frå Sibir, og snødekket ligg store delar av vinteren som varer mellom 105 og 145 dagar. Middeltemperaturen i januar er -6 °C. Somrane er derimot milde, og av og til kan ein få varme dagar i juli og august. Middeltemperaturen i juli er om lag 18 °C. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Den årlege nedbørsnormalen varierer mellom 550 og 700 mm.

Folketalet er omtrent 9,5 millionar og er fordelt på 84,9 % belarusarar, 7,5 % russarar, 3,1 % polakkar, 1,7 % ukrainarar og 2,8 % andre.[10][11] Omtrentleg 80 % av folkesetnaden er ortodokse kristne.

På 800-talet var området busett av stammar med baltisk og slavisk avstamming og desse vart seinare ein del av Kyivriket. Da Kyivriket vart oppløyst vart seinare området ein del av Litauen og deretter Polen-Litauen. I 1795 vart Belarus ein del av tsarveldet i Russland. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Belarus sjølvstendig i ein kort periode innan det vart ein del av Sovjetunionen. Belarus vart sjølvstendig i 1991 da Sovjetunionen vart oppløyst. Etter at Aljaksandar Lukasjenka vart president i 1994 har Belarus atter vendt seg mot Russland. Lukasjenka har innført eit autoritært styre, med undertrykking av opposisjonen. Det har nesten ikkje blitt gjennomført økonomiske reformer, og den belarusiske økonomien er totalt avhengig av billig gass frå Russland.

Belarus er ein republikk styrt av ein president og har ei nasjonalforsamling med to kammer. Nasjonalforsamlinga blir vald kvart fjerde år. Til det øvre kammeret vel dei regionale styresmaktene 56 representantar, medan presidenten utnemner dei siste åtte. I det lågare kammeret blir alle dei 110 representantane valde av folket. Alle belarusarar som har fylt 18 år har røysterett. Ifølgje Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa har ikkje dei siste vala i Belarus tilfredsstilt internasjonal standard, og landet blir i Vesten ofte karakterisert som det siste diktaturet i Europa.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Belarus er inndelt i seks voblastar.

  1. ↑ belarusisk og russisk Беларусь, Bjelarus
  2. ↑ belarusisk Рэспубліка Беларусь, Respublika Bjelarus; russisk Республика Беларусь, Respublika Bjelarus
  1. ↑ «17», Constitution of Belarus, Wikidata Q1771643
  2. 1 2 Deutsche Nationalbibliothek; Staatsbibliothek zu Berlin; Bayerische Staatsbibliothek; Østerrikes nasjonalbibliotek, Gemeinsame Normdatei (på tysk), GND-id 4079143-9, Wikidata Q36578, henta 31. mai 2021
  3. ↑ Rettsgrunnlag: Constitution of Belarus; avsnitt, vers eller paragraf: 17.
  4. ↑ Численность населения на 1 января 2026 г. и среднегодовая численность населения за 2025 год по Республике Беларусь в разрезе областей, районов, городов, посёлков городского типа (PDF) (på russisk), Minsk: National Statistical Committee of the Republic of Belarus, 27. mars 2026, Wikidata Q138800454, arkivert frå originalen (PDF) 27. mars 2026
  5. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  6. ↑ «Human Development Report». 2022.
  7. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  8. ↑ «Belarus» i Store norske leksikon, snl.no.
  9. ↑ Kulavig, Erik. «Hviderusland» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 6. september 2026.
  10. ↑ «Belarus in figures 2021» (PDF). National Statistical Committee of the Republic of Belarus. 2021. s. 13. Arkivert frå originalen (PDF) 9. oktober 2022. Henta 1. juli 2021.
  11. ↑ «Belarus: People» (på engelsk). Britannica. Henta 6. september 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Belarus