Hot Chocolate
| Hot Chocolate | |||
| | |||
| Alias | The Hot Chocolate Band | ||
|---|---|---|---|
| Aktiv |
| ||
| Sjanger | |||
| Plateselskap | RAK, Apple Records, Big Tree Records, Manticore | ||
Hot Chocolate er ei britisk soulgruppe skipa av Errol Brown og Tony Wilson. Gruppa hadde minst ein hitsong kvart år på UK Singles Chart frå 1970 til 1984.[1]
Gruppa hadde blant anna hitten «You Sexy Thing», ein britiske nummer to som òg kom inn i topp 10 i tre tiår, og som kom til nummer tre på den amerikanske Billboard Hot 100 og nummer fem i Canada, og som òg kom ut i filmen The Full Monty (1997); «So You Win Again», som nådde toppen av dei britiske topplistene; «Every 1's a Winner», som nådde femteplassen i Canada og sjetteplassen i USA; «It Started with a Kiss», som nådde topp fem i Storbritannia, og «Emma», som nådde tredjeplassen i Storbritannia, femteplassen i Kanada og åttandeplasseni USA. I 2004 vann Brown Ivor Novello-prisen Award for «Outstanding Contribution to British Music » frå British Academy of Songwriters, Composers and Authors.[2]
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Gruppa blei skipa i 1968 og bestod då av vokalisten Errol Brown, bassisten Tony Wilson, perkusjonisten Patrick Olive, gitaristen Franklyn De Allie og trommeslagaren Jim King.[3] Keyboardspelaren Larry Ferguson blei med i bandet året etter.[4] Gruppa vart opphavleg kalla Hot Chocolate Band av Mavis Smith, som arbeidde for pressekontoret til Apple Corps. Dette blei raskt endra, fyrst til The Hot Chocolate og deretter til Hot Chocolate, av Mickie Most. I 1970 hadde bandet endra seg igjen og omfatta Harvey Hinsley og Tony Connor (som òg var medlem av Audience på den tida) som erstattarar for De Allie og King.[3]
Hot Chocolate byrja opptakskarrieren sin med å laga ein reggae-versjon av John Lennon sin song «Give Peace a Chance», men frontmannen Errol Brown fekk vita at han trong løyve. Han blei kontakta av Apple Records, fann ut at Lennon likte versjonen hans, og gruppa skreiv seinare kontrakt med Apple Records. Sambandet blei kortvarig ettersom The Beatles var i ferd med å bryta opp, og Apple-kontrakten enda snart.
Seinare i 1970 byrja Hot Chocolate, med hjelp av produsenten Mickie Most, å gje ut låtar som blei hittar, som «Love Is Life», «Emma», «You Could Have Been a Lady» (som blei ein amerikansk og kanadisk hit for gruppa April Wine) og «I Believe in Love». Alle desse blei gjevne ut på plateselskapet Rak, som var eigd av Most. Brown og bassisten Tony Wilson skreiv det meste av det originale materialet sitt, og stod òg bak hittar for Herman's Hermits, med «Bet Yer Life I Do», Julie Felix, med «Heaven Is Here», og Mary Hopkin med «Think About Your Children».
Etterkvart var gruppa blir ein jamleg bidragsytar til UK Singles Chart. Ein av dei hittane i denne perioden, «Brother Louie», hadde gjestevokal frå Alexis Korner.
Suksess
[endre | endre wikiteksten]Hot Chocolate hadde stor suksess i diskotida på midten av 1970-talet. Kombinasjonen av høge produksjonsstandardar, den aukande sjølvtillita til det viktigaste songskrivingteamet til Wilson og Brown, og strenge vokalharmonier gjorde det mulig for dei å sikre seg fleire store hitar som «You Sexy Thing» og «Every 1's a Winner», som var òg amerikanske hittar, som nådde høvesvis 3. plassen (1976) og 6. plassen (1979) på hittlista der. Etter at Wilson gjekk av for å starte sin solo-karriere, som inkluderte albumet I Like Your Style i 1976, tok Brown over alle låtskrivaroppgåvene. Wilson blei opphavleg erstatta av Brian Satterwhite, til Satterwhate forlet bandet og Olive skifta til bass som hovudinstrument.[3]
I 1977, etter 15 hittar, nådde gruppa endeleg fyrsteplassen med «So You Win Again». Dette var ei av dei få innspelingane til Hot Chocolate som ikkje var skrivne, i det minste delvis, av Brown.[5] Låten var ein komposisjon av Russ Ballard.[5]
Hot Chocolate blei den einaste gruppa, og ein av berre tre artistar, som hadde ein britisk hitt i kvart år av 1970-talet (dei to andre var Elvis Presley og Diana Ross).[5][6] Bandet hadde minst ein hitt kvart år mellom 1970 og 1984.[5]
Bandet heldt fram å spela saman inn på 1980-talet, og fekk ein annan stor hitt, «It Started with a Kiss», i 1982, som nådde 5. plassen i Storbritannia. Totalt fekk gruppa 25 britiske singlar på topp 40. Singelen «You Sexy Thing» var den einaste songen som fekk britisk topp ti-status på 1970-talet, 1980-talet og 1990-talet.[5]
Hot Chocolate fekk fornya interesse etter at musikken hennar blei spelt på ei rekkje suksessrike filmsoundtrack, frå komedien The Full Monty i 1997, og i ein reklamefilm for Clearasil i 1989 (med ein ung Patsy Palmer).[7] Frå slutten av 1980-talet fekk gruppa nyoppstått ry då Urge Overkill, PJ Harvey og The Sisters of Mercy alle framførte låtar av Hot Chocolate på konsertane sine,[8] og Cud sitt cover av «You Sexy Thing» kom med på John Peel si toppliste Festive 50 i 1987.[9]
Errol Brown og Larry Ferguson forlet gruppa i 1986, og dette førte til slutt til at ho blei oppløyst. Brown byrja då så sin solokarriere. Hot Chocolate hadde ein hitt i 1988 i Tyskland. «Never Pretend» blei skrive av Harvey Hinsley og Susan Stuttard, og Grant Evelyn var vokalist.[10] Den varige populariteten til bandet blei stadfesta då to samlealbum begge nådde fyrsteplassen på i UK Albums Chart. I 2003 blei Errol Brown utnemnd til MBE og i 2004 fekk han Ivor Novello-prisen for bidrag til britisk musikk.
I 1992 reformerte bandet seg med ny vokalist Greg Bannis og keyboardistane Steve Ansell, Andy Smith, Willy Dowling og Steve Matthews (de siste to av dei forlot bandet i 1994), og manager og agent Ric Martin tok kontroll over boka og opptredenar.[11] Kennie Simon tok over vokal i 2010 etter at Bannis forlot bandet og Hot Chocolate held fram med å gjera live-opptredenar i Storbritannia og Europa.[12]
6. mai 2015 døydde den opphavlege frontmannen og låtslrovaremErrol Brown av leverkreft. Han var 71 år gammal.[13]
Den opphavlege gitaristen Franklyn Delano De Allie (fødd i1944 i St. Marks Parish, på Grenada) blei seinare politimann, og døydde i Warwick på Bermuda den 30. desember 2018.[14]
Keyboardspelaren Steve Matthews døydde den 29. august 2025.[15]
Medlemmer
[endre | endre wikiteksten]| 1968–1969 | 1969–1970 | 1970–1975 | 1975 |
|---|---|---|---|
|
|
|
|
| 1975–1986 | 1986–1988 | 1988 | 1988–1992 |
|
Oppløyst |
|
Oppløyst |
| 1992–1994 | 1994–2010 | 2010–no | |
|
|
|
Tidsline
[endre | endre wikiteksten]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Cicero Park (1974)
- Hot Chocolate (1975)
- Man to Man (1976)
- Every 1's a Winner (1978)
- Going Through the Motions (1979)
- Class (1980)
- Mystery (1982)
- Love Shot (1983)
- Strictly Dance (1993)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 259/260. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Radiohead And The Darkness Triumph At Ivor Novello Awards». NME. Henta 30. juni 2022.
- 1 2 3 «B». Badcatrecords.com. Arkivert frå originalen 10 December 2017. Henta 10 October 2016.
- ↑ «Radiohead And The Darkness Triumph At Ivor Novello Awards». NME. Henta 30 June 2022.
- 1 2 3 4 5 Roberts, David (2001). British Hit Singles (14. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 47. ISBN 0-85156-156-X.
- ↑ Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 184. ISBN 0-85112-250-7.
- ↑ «Radiohead And The Darkness Triumph At Ivor Novello Awards». NME. Henta 30 June 2022.
- ↑ Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 196. ISBN 0-85112-072-5.
- ↑ Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 196. ISBN 0-85112-072-5.
- ↑ «Radiohead And The Darkness Triumph At Ivor Novello Awards». NME. Henta 30 June 2022.
- ↑ «Radiohead And The Darkness Triumph At Ivor Novello Awards». NME. Henta 30 June 2022.
- ↑ «Radiohead And The Darkness Triumph At Ivor Novello Awards». NME. Henta 30. juni 2022.
- ↑ «Errol Brown, Hot Chocolate singer, dies aged 71 – BBC News». BBC News. 6 May 2015. Henta 4. juli 2015.
- ↑ «Franklyn DeAllie (1944–2018)».
- ↑ «It is with great sadness I have to announce the death of my dear friend Steve Matthews.». Old Clubland Acts on Facebook. Henta 14. september 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Hot Chocolate» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2026.