Hopp til innhald

Hausa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hausa
hausa, هَوُسَ
Klassifisering afroasiatiske språk
Klassifisering tsjadspråk
Bruk
Tala i Benin, Burkina Faso, Kamerun, Ghana, Niger, Nigeria, Togo
Hausatalande i alt 24 millionar som førstespråk, 15 millionar som andrespråk
Rangering 41
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Nordlege Nigeria
Språkkodar
ISO 639-1 ha
ISO 639-2 hau
ISO 639-3 hau
Glottolog haus1257
Hausaspråklege område i Niger og Nigeria

Hausa er eit tsjadspråk i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka som førstespråk av 24 millionar menneske, og som andrespråk av ca. 15 millionar. Hausafolk held først og fremst til i nordlege delar av Nigeria, Niger, Ghana, Kamerun, Benin og Togo og sørlege delar av Niger, Tsjad og Sudan, med ein stor minoritet i Elfenbeinskysten.[1][2]

Geografisk område

[endre | endre wikiteksten]

Hausa blir snakka i Niger og nord i Nigeria, men det blir brukt som lingua franca i store delar av Vest-Afrika, spesielt blant muslimar.

Offisiell status

[endre | endre wikiteksten]

Hausa er offisielt språk i den nordlege delen av Nigeria.

Hausa har eit klassisk femvokalsystem, / i, e, a, o, u /, der alle vokalane kan vere lange eller korte. I tillegg har hausa diftongane /ai, au/.

Konsonantar

[endre | endre wikiteksten]

Tabellen viser konsonantane i hausa. Når den ortografiske representasjonen avvik frå IPA, er IPA-symbolet sett til i parentes.

  bilabial alveolar post-
alveolar
retrofleks palatal velar uvular glottal
ust. st. ust. st. ust. st. ust. st.f ust. st. ust. st. ust. st. ust. st.
Implosiv   ɓ   ɗ                        
Ejektiv       ts (ʦ')             k' (ƙ)          
Plosiv   b t d             k g     ' (ʔ)  
Affrikat         c (ʧ) j (ʤ)                    
Nasal   m   n                        
Vibrant       r                        
Flapp                 r (ɽ)              
Frikativ f (ɸ)   s z sh (ʃ)                   h  
Approksimant   w   l           y (j)            
For meir om dette emnet, sjå Tonologien i hausa.

Hausa er eit tonespråk, med tre tonar, høg, låg og fallande tone.

Ordforråd

[endre | endre wikiteksten]

Hausa har mange arabiske lånord.

Genustilordning

[endre | endre wikiteksten]

Hausa har to genera, maskulinum og femininum. Der språket har ulike ord for referentar med biologisk hankjønn og hokjønn, er dei maskulina eller feminina, som yáròo «gut» og yáarínyàa «jente». Frå denne semantiske kjernen har hausa eit fonologisk basert genustilordningssystem: Ord på -aa er feminina, alle andre ord er maskulina.

Skriftsystem

[endre | endre wikiteksten]

Hausa har vore skriftfesta i meir enn 200 år, først med ein variant av det arabiske alfabetet (ajami), men deretter med det latinske alfabetet, som vart innført i byrjinga av 1900-talet. Dette alfabeter er kjend som boko (frå engelsk book), og blei offisiell skrift for hausa i 1930.[3]

Hausa har 3 konsonantar i tillegg til dei vanlege latinske: ɓ, ɗ og ƙ.

Ord frå grunnordforrådet

[endre | endre wikiteksten]
TydingHausaTydingHausa
egniistorbàbba
dukai (m.), kee (f.)litenƙànkanèè
han/ho/detshii (m.), ita (f.)eteci
vimuudrikkeshaa
dokkerkuusovebarcii
deisuudøymutù
kven?wààtàfi, jee
kva?mèèkomezoo
menneskeɗan Adàmgjebaa, baà
mannmùtûmtaɗaukàà
kvinnemàcè, mààtaasnakkefàɗaa
hovudkâielskesoo
augeidòòeinɗaya
øyrekûnneetobiyu
nasehancììtreukù
munnbààkiifirehuɗu
tannhaƙooriifembìyar
tungeharshèèseksshidà
hjartezuucìyaasjubakwài
handhannuuåttetakwàs
fotƙafàànitarà
vatnruwaatigoomà
eldwutaatjueàshìrin
solraanaahundreɗàrii
månewatààtusendubuu
Fotnotar
  1. Wolff, H. Ekkehard. «Hausa language». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 14. oktober 2020.
  2. «Spread of the Hausa Language». Worldmapper (på engelsk). Henta 14. oktober 2020.
  3. Dalby, Andrew (1998). Dictionary of languages: the definitive reference to more than 400 languages. New York: Columbia University Press. s. 242. ISBN 0-231-11568-7.. Oppgjeve av Engelsk Wikipieda

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]