Hopp til innhald

Fortid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå tidsskriftet Fortid.
Kross på Snubbekors Høj i Tåstrup i Danmark. Krossen blei reist av herremannen Eskild Snubbe rundt 1230 til minne om at kona hans hadde fødd ein son her.

Fortid er ein tidsperiode som har funne stad, i motsetnad til notid, nett no, og framtida, som kjem til å skje.

Menneske kan ha minne om fortida, og kan koma henne i hug gjennom assosiasjonar, å minnast, draumar og flashback. Dei har registrert henne gjennom munnlege overleveringar og nedskrifter sidan oldtida, og teke henne for seg gjennom historiefaget. Vitnesbyrd frå fortida blir også studert i fag som arkeologi, arkeoastronomi, samanliknande lingvistikk, geologi (historisk geologi), paleontologi, paleobotanikk, paleoetnobotanikk, paleogeografi, paleoklimatologi og kosmologi.

Grammatisk nytter ein ulike teknikkar for å markera fortid, som verbaspektet tempus. På norsk kan ein bruka perfektum og preteritum for å visa til fortidshendingar.[1][2] Kinesisk nyttar derimot ikkje verbaspekt, men tidsord som «i går», «i fjor» eller «for tre timar» sidan for å markera fortid.[3]

  1. Theil, Rolf (2021-12-06). «perfektum – grammatikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
  2. Theil, Rolf (2019-10-28). «preteritum». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
  3. Grigg, Hugh (2013-04-14), «Past events in Mandarin Chinese grammar (there's no past tense!)», Chinese Boost (på engelsk (Storbritannia)), henta 2022-05-03