Hopp til innhald

Eritrea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staten Eritrea
ሃገረ ኤርትራ
Hagere Ertra
Adjektiv: eritreisk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 24. mai
Nasjonalsong «Ertra, Ertra, Ertra»
Hovudstad Asmara
Offisielle språk Tigrinja,[1] arabisk,[1] engelsk[1]
Flatevidd 117 600 km²
 •  vatn 0 % km²
Folketal 3 497 000 (2019)[2]
Sjølvstende frå
Etiopia
 
 •  Sjølvstendekrigen 1. september 1961
 •  De facto 24. mai 1991
 •  De jure 24. mai 1993
Styresett Eitt-parti presidentiell republikk under eit totalitært diktatur
 •  President Issaias Afewerki
Tidssone UTC +3
Valuta Nakfa
Telefonkode +291
ISO 3166-kode ER
Toppnivådomene .er
Wikimedia Commons: Eritrea

Eritrea,[a] offisielt Staten Eritrea,[b] er eit land i nordaust Afrika.[3][4] Landet har kyst mot Raudehavet i aust og grense mot Sudan i nord og vest og mot Etiopia og Djibouti i sør. Eritrea er rekna som eitt av dei minst utvikla landa i verda.

Satellittbilete over Eritrea, frå mai 2003.
Kart over Eritrea.

Eritrea ligg ved Afrikas horn og grensar imot Raudehavet i nord og nord-aust. Utanfor kysten ligg Dahlakøyene. Det høgaste fjellet er Soira i sentrale Eritrea, 3 018 meter over havet.

Høglandet i nord er ein del av det nordetiopiske platået eller Det etiopiske høglandet. Platået går her nesten heilt ut til kysten av Raudehavet. Langs den nordlege delen av kysten er det ei smal stripe sletteland før fjella reiser seg nesten loddrett opp til platået.

Dei største byane er hovudstaden Asmara, hamnebyen Assab i sør-aust, og byane Keren og Massawa.

Utanfor kysten er det fleire øyar, mellom anna Dahlak-arkipelet og Hanishøyane og korallrev.

Låglandet i sør er ein del av Danakilørkenen, som til dels ligg under nivået til havet. Einskilde høgare parti finst i innlandet i sør.

Klimaet i dei vestlege høgdedraga er forfriskande med kjølige vind og om lag 1150 mm nedbør kvart år, i tillegg til ein god del sol og små endringar i temperaturen gjennom året.

Denakilørkenen dekker derimot det meste av kysten og den sørlege delen av landet, og er ein av dei varmaste stadane på jorda, og temperaturen kan tidvis stige opp til nesten 50 °C. I tillegg er det i praksis ikkje noko regn her.

Eritrea er delt inn i 6 regionar:

  • Sentral
  • Anseba
  • Sørlege Raudehavet
  • Nordlege Raudehavet
  • Sør
  • Gash-Barka

Berggrunnen i Eritrea består av prekambriske bergartar som vart deformert under den panafrikanske orogenesen og intrudert av granitt i byrjinga av paleozoikum. Det var omfattande forkastingsaktivitet ved danninga av Raudehavet i oligocen- og miocen-tida.

Eritrea har rike førekomstar av gull, kopar og sink. Utanfor kysten finst førekomstar av olje og gass.

  1. ↑ tigrinja ኤርትራ Ertra
  2. ↑ tigrinja ሃገረ ኤርትራ Hagere Ertra
  1. 1 2 3 http://www.eritrean-embassy.se/about-eritrea/people-and-languages/. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ «World Population Prospects 2019». United Nations Department of Economic and Social Affairs. Henta 31. mars 2020.
  3. ↑ Folke, Hans; Brauer, Ole. «Eritrea» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 4. oktober 2026.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  4. ↑ «Eritrea» (på engelsk). Britannica. Henta 4. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eritrea