Hopp til innhald

Dufftown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dufftown
Baile Bhainidh
Dufftoun
by
Klokketårnet i Dufftown.
Land  Skottland
Region Moray
Tradisjonelt grevskap Banffshire
Folketal 1 610 (2016)
Postnummer AB55
Retningsnummer 0 1340
Kart
Dufftown
57°26′36″N 3°07′37″W / 57.443333333333°N 3.1269444444444°W / 57.443333333333; -3.1269444444444
Wikimedia Commons: Dufftown

Dufftown[a] er ein liten by i regionen Moray i Skottland. Han har kring 1 600 innbyggjarar. Han oppstod som ein landsby i mellomalderen, under namnet Mortlach. I 1817 vart han kraftig utvida av James Duff, og fekk nytt namn etter han.

Dufftown omtaler gjerne seg sjølv som The Malt Whisky Capital og er eit godt utgangspunkt for whiskyturistar. Mange kjende whiskydestilleri er lokalisert like i nærleiken av Dufftown. Mellom dei Glenfiddich, The Macallan, Glenfarclas, Speyburn, Glenlivet, Cardhu med fleire. Dufftown har fleire butikkar, restaurantar, hotell, B&Bs, kiltbutikk og ein velassortert whiskyutsal.

  1. skotsk-gælisk Baile Bhainidh, skotsk Dufftoun

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dufftown