Dee Dee Sharp
Utsjånad
| Dee Dee Sharp | |||
| | |||
| Fødd | 9. september 1945 (80 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Philadelphia | ||
| Fødenamn | Dione LaRue | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | 1961– | ||
| Sjanger | rhythm and blues, soul | ||
| Instrument | vokal | ||
| Plateselskap | Cameo, Atco Records, Atlantic Records, Gamble, Philadelphia International Records | ||
| Verka som | songar | ||
| Gift med | Kenny Gamble | ||
Dee Dee Sharp (fødd 9. september 1945, opphavleg Dione LaRue) er ein amerikansk songar frå Philadelphia.
Sharp byrja karrieren i musikkbransjen i 1961 som bakgrunnssongar. Den fyrste suksessen hennar var «Slow Twistin'» i 1962, som var ein duett saman med Chubby Checker. Same år kom den største suksessen hennar, «Mashed Potato Time» ut, og nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista. Dei etterfølgjande singlane «Gravy (For My Mashed Potatoes)», «Wild!» og «Do the Bird» var ganske vellukka, men etter å ha gjeve ut «I Really Love You» i 1965 hadde ho ikkje nokon kommersiell suksess på resten av 1960-talet. På slutten av 1970-talet spelte ho inn for plateselskapet Philadelphia International, og fekk ein viss suksess med nokre songar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dee Dee Sharp» frå Wikipedia på svensk, den 10. juli 2025.