Hopp til innhald

Austerrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Austerrike
Republik Österreich
Adjektiv: austerriksk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 26. oktober
Nasjonalsong «Land der Berge, Land am Strome»
Hovudstad Wien
Offisielle språk tysk
 •  Minoritetsspråk ungarsk, slovensk, Burgenland-kroatisk
Flatevidd 83 878,99 km²
 •  vatn 1,3 % km²
Folketal 8 979 894 (2022)[1]
Historie  
 •  Markgrevskapet 960
 •  Hertugdømet 17. september 1156
 •  Erkehertugdømet 6. januar 1453
 •  Det austerrikske riket 11. august 1804
 •  Austerrike-Ungarn 30. mars 1867
 •  1. republikken 10. september 1919
 •  Forbundsstaten 1. mai 1934
 •  Anschluss 13. mars 1938
 •  2. republikken 27. april 1945
 •  Statstraktaten 27. juli 1955
Styresett Forbundsrepublikk[2]
 •  President Alexander Van der Bellen
 •  Kanslar Christian Stocker
BNP 511 685 203 845 US-dollar (2023)[3]
HDI 0,916 (2021)[4]
Gini 30,2 (2019)[5]
Tidssone UTC +1
 •  Sommartid UTC +2
Valuta Euro
Telefonkode +43
ISO 3166-kode AT
Toppnivådomene .at
Wikimedia Commons: Austria

Austerrike,[a] offisielt Republikken Austerrike,[b] er eit land i Sentral-Europa med ni delstatar.[6][7] Det er omgjeve av land på alle sider og grensar mot Liechtenstein og Sveits i vest, Italia og Slovenia i sør, Ungarn og Slovakia i aust, og Tyskland og Tsjekkia i nord.

Kart over Austerrike.
For meir om dette emnet, sjå Austerriksk historie.

Etter å ha vore erobra av romarane, hunarane, lombardarane, ostrogotane, bayerane og frankarane, kom Austerrike under habsburgarane i det 13. århundre. Denne slekta heldt fram med å regjere Austerrike inntil det 20. hundreåret.

Etter oppløysinga av det tysk-romerske riket i 1806 vart Austerrike utropa til keisarrike, og den siste tysk-romerske keisaren Franz, som samtidig var konge av Austerrike, heldt fram såleis som keisar av dette. Austerrike kom formelt i ein personalunion med kongedømet Ungarn (som allereie hadde vore under habsburgsk styre i fleire hundreår) i 1867, og unionen vart kjend som dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn.

Denne staten vart oppdelt etter nederlaget i fyrste verdskrigen. Ungarn gjekk ut av unionen, og ei rekkje austerrikske provinsar, som Böhmen og Mähren, vart òg avstått då nye sjølvstendige statar oppstod i Aust-Europa.

Det resterande Austerrike vart republikk, mellom 1918 og 1919 offisielt kjend som Republikken Tysk Austerrike (Republik Deutschösterreich), deretter berre Republikken Austerrike. Landet var demokratisk fram til fascismen vart innført etter oppstanden i Wien i 1934. Austerrike vart annektert av det nazistiske Tyskland i 1938, i det såkalla Anschluss. Etter andre verdskrigen vart Austerrike gjenoppretta som eigen stat, men var nøytralt, og høyrde til verken aust- eller vestblokka.

I 1995 vart Austerrike medlem av EU, og var frå og med 1999 òg ein del av den europeiske økonomiske og monetære union.

For meir om dette emnet, sjå Austerriksk geografi.
Austerriksk topografi.

Med sin posisjon i Alpane er Austerrike i det store og heile eit fjelland. Dei sentrale alpane, Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sørlege kalksteinsalpane ligg alle delvis i Austerrike. Av det totale arealet (84 000 km²) er berre om lag ein fjerdedel lågland, og berre 32 % av landet ligg under 500 meter. Dei høga alpefjella i vest flatar gradvis ut mot dei låge slettene og åslendte landskapa i austlege delar av landet.

Austerrike kan delast inn i fem ulike område. Det høgastliggande området er dei austlege Alpane, som utgjer 62 % av det totale arealet. Lågberga ved foten av Alpane og fjellkjeda Karpatane utgjer om lag 12 % av arealet. Dei austlege områda, som ligg rundt Den pannoniske sletta, utgjer òg om lag 12 % av landet. Nord for Donau, som renn gjennom heile landet på langs, ligg det den lågare fjellkjeda Böhmerwald, som utgjer 10 % av Austerrike. Den austerrikske delen av Wienbekkenet utgjer om lag 4 %.

Viktige byar er hovudstaden Wien, Salzburg, Innsbruck, Graz og Linz.

Dei seks høgaste fjella i Austerrike er:

Namn Høgd Fjellkjede
1Großglockner3 797 mHohe Tauern
2Wildspitze3 768 mÖtztaleralpane
3Weißkugel3 739 mÖtztaleralpane
4Großvenediger3 674 mHohe Tauern
5Similaun3 606 mÖtztaleralpane
6Großes Wiesbachhorn3 571 mHohe Tauern
For meir om dette emnet, sjå Austerriksk geografi.

Størstedelen av Austerrike ligg i den kjølige tempererte klimasonen der fuktig vestavind dominerer. Sidan Alpane dekkjer over halvparten av landet, har store delar av landet òg alpint klima. I austlege delar av landet, på Den pannoniske sletta og langs Donaudalen er klimaet meir kontinentalt med mindre regn enn i alpeområdet.

Forbundsland

[endre | endre wikiteksten]

Austerrike er ein forbundsrepublikk inndelt i 9 forbunsland (delstatar) eller Bundesländer:

Namn Hovudstad Areal (km²) Folketal
BurgenlandEisenstadt3 965276 400
KärntenKlagenfurt9 536559 400
NiederösterreichSt. Pölten19 1781 553 000
OberösterreichLinz11 9821 387 000
SalzburgSalzburg7 154521 200
SteiermarkGraz16 3921 191 000
TirolInnsbruck12 648683 300
VorarlbergBregenz2 601356 600
WienWien4151 631 000
  1. ↑ tysk Österreich
  2. ↑ tysk Republik Österreich
  1. ↑ https://www.statistik.at/web_de/statistiken/menschen_und_gesellschaft/bevoelkerung/bevoelkerungsstand_und_veraenderung/bevoelkerung_zu_jahres-_quartalsanfang/023451.html. Henta 15. februar 2022. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ «Østrig» (på dansk). Den europeiske unionen. Henta 26. august 2026.
  3. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 9. april 2025. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  4. ↑ «Human Development Report». 2022.
  5. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  6. ↑ «Østerrike» i Store norske leksikon, snl.no.
  7. ↑ Furhauge, Bjarne. «Østrig» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 26. august 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Austerrike