Archilochus
| Archilochus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
| Familie: | Kolibriar Trochilidae |
| Underfamilie: | Trochilinae |
| Stamme: | Mellisugini |
| Slekt: | Archilochus Reichenbach, 1854 |
Archilochus er ei biologisk slekt av kolibriar i stammen Mellisugini, «bikolibriar». Slekta omfattar berre to artar, og begge er hekkefuglar i Nord-Amerika, samla sett frå austlege Canada til sør i USA. Dette er trekkfuglar som migrerer sørover til Mexico og Mellom-Amerika, heilt til Panama, i dei nordlege vintermånadene. Rubinstrupekolibrien kryssar Mexicogolfen under trekket.
Det maskuline slektsnamnet Archilochus viser til den greske diktaren Arkhilokhos frå øya Paros, som levde rundt år 650 f.Kr., kjend for sin frekke, originale stil og for å utfordre det som var rekna som normalt eller respektabelt.[1]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Kolibriane i denne slekta er mellom 7 og 9 cm lange. Dei har svarte, lett nedoverbøygde nebb, og hannane har grøn overside og gråkvit underside med grøne flankar. Rubinstrupekolibri (A. colubris) har ein metallisk raud strupeflekk, medan svartstrupekolibri (A. alexandri) har ein fløyelssvart strupeflekk med fiolett glans nedst. Hoene har gråkvit underside utan den karakteristiske strupeflekken til hannar. Begge artane er svært vanlege i eit breitt spekter av habitat innan dei store utbreiingsområda sine.[2][3]
Systematikk og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Slekta Archilochus vart føreslått av den tyske ornitologen Ludwig Reichenbach i 1854, og typearten vart ved monotypi definert som Trochilus alexandri, no kjend som Archilochus alexandri (svartstrupekolibri).
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Slekt Archilochus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[6]
| Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Autor | Utbreiing |
|---|---|---|---|---|
| Svartstrupekolibri | Archilochus alexandri | (Bourcier & Mulsant,, 1846) | ||
| Rubinstrupekolibri | Archilochus colubris | (Linné, 1758) | ||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var basert på «Archilochus» frå Wikipedia på spansk, den 17. juni 2025
- Referansar
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 53. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Weidensaul, S., T. R. Robinson, R. R. Sargent, M. B. Sargent, and T. J. Zenzal Jr. (2020). «Ruby-throated Hummingbird (Archilochus colubris)», version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rthhum.01
- ↑ Baltosser, W. H. og S. M. Russell (2020). «Black-chinned Hummingbird (Archilochus alexandri)», version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole and F. B. Gill, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bkchum.01
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 16. juni 2025
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 16. juni 2025. søk på Archilochus
- ↑ BirdLife International (2024). «Archilochus». IUCN - Global raudliste. Henta 16.06.2025.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Archilochus hos Artsdatabanken
- (en) Archilochus i Catalogue of Life
- (en) Archilochus i Encyclopedia of Life
- (en) Archilochus i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Archilochus hos ITIS
- (en) Archilochus hos NCBI
- (en) Kategori:Archilochus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Archilochus – detaljert informasjon på Wikispecies