Faktaboks

Også kjend som

Sun Protection Factor (SPF) på engelsk

Flere typer solkrem i en butikk i Spania
Det finnes mange typer solkrem og mange forskjellige merker. Alle solkremene skal merkes med hvor høy solfaktor de har. Da står det for eksempel SPF 50 på pakka.
Flere typer solkrem i en butikk i Spania
Av /Shutterstock.

Solfaktor er eit tal som viser kor godt ein solkrem vernar mot skadeleg stråling frå sola. Talet fortel kor mykje lenger ein kan vere i sola utan å bli solbrend, samanlikna med om ein ikkje bruker solkrem.

Eksempel: Solfaktor 15 gjer at det tek omtrent 15 gonger lenger tid å bli solbrend. Om ein normalt blir solbrend etter 10 minutt utan solkrem, vil solfaktor 15 gje vern i omtrent 150 minutt.

Ulike typar

Solfaktoren blir målt på ein skala frå 0 til 100. Dei vanlegaste typane er:

  • Solfaktor 15, som gjev låg til middels vern og passar for kortare tid i sola.
  • Solfaktor 30, som gjev høgare vern og er bra for dei fleste aktivitetar ute.
  • Solfaktor 50, som gjev veldig høgt vern. Denne er bra i sterk sol, og for personar med veldig lys eller tynn hud.

Det finst solkrem med solfaktor heilt opp til 100, men dette er ikkje så vanleg.

Kor høg solfaktor ein treng, avheng av årstida, kvar ein bur i landet, og kva hudtype ein har. Små barn bør bruke høg solfaktor. Ein lys hudtype som blir fort raud, treng høgare faktor enn mørkare hudtypar, som har meir melanin.

I Noreg bør folk bruke solkrem med minst solfaktor 30 om sumaren.

Kvifor ein skal bruke solfaktor

Hudkreft kjem nesten alltid av sol eller at ein har brukt solarium. Solarium er ei maskin som lagar UV-strålar, og som folk bruker for å bli brune. Mykje sol gjer òg at huda ser eldre ut, og at ein mellom anna får rynker.

Når ein unngår å bli solbrend, er det mindre risiko for hudkreft. Å bruke solkrem gjer at ein unngår å bli brend.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo