Ein skulptur er eit kunstverk som ikkje er flatt, det er altså tredimensjonalt. Skulpturar kan vere små eller store, og dei blir laga i ulike materiale.
Ein kunstnar som lagar skulpturar, blir kalla skulptør eller bilethoggar.
Denne statuen i bronse, av forfattar og forskar Ivar Aasen, er laga av Dyre Vaa. Han står i Ørsta i Møre og Romsdal. Steinklossen statuen står på heiter ein sokkel.
Ein skulptur er eit kunstverk som ikkje er flatt, det er altså tredimensjonalt. Skulpturar kan vere små eller store, og dei blir laga i ulike materiale.
Ein kunstnar som lagar skulpturar, blir kalla skulptør eller bilethoggar.
I Noreg kan ein bli skulptør ved å studere kunst. Nokre vidaregåande skular har samla faga kunst, design og arkitektur i ei studieretning. Etterpå kan ein studere kunstfag på ein høgskule eller eit universitet. Etter kvart kan ein spesialisere seg i å lage skulpturar.
Ein skulptur som viser menneske eller dyr, blir kalla ein statue. Men orda skulptur og statue blir brukt litt om dei same tinga.
Når ein kan sjå kva skulpturen førestiller, er det ein figurativ skulptur. Eit eksempel på ein figurativ skulptur er ein statue av ein fotballspelar.
For nokre skulpturar er forma viktigare enn at ein skal sjå kva figuren førestiller. Då er skulpturen nonfigurativ eller abstrakt.
Mange figurative skulpturar framstiller kjende personar. Dei er laga for å minnast kva personen har gjort medan hen levde. Dei står ofte på ein stad der personen var viktig.
I Noreg er det for eksempel statuar av:
Nokre skulpturar er laga til minne om hendingar eller periodar. To eksempel er ein skulptur av tre sverd til minne om slaget ved Hafrsfjord, og ein skulptur til minne om kvalfangst i Sandefjord.
Non-figurativ statue i stål, laga av Knut Steen. Statuen er til minne om vikingkongen Olav Kyrre, som blir rekna som grunnleggjaren av Bergen.
Det finst mange nonfigurative skulpturar som er laga til minne om noko eller nokon.
Eit eksempel er skulpturen av vikingkongen Olav Kyrre i Bergen. Denne skulpturen er laga av stål. Skulpturen er nonfigurativ, for sjølv om forma kan minne om ein mann på ein hest, ser ikkje statuen ut som mann og hest.
Venus frå Willendorf er éin av dei eldste kjende skulpturane. Han er litt over 11 cm høg, og laga i kalkstein.
Det er funne skulpturar som er laga for mange tusen år sidan. Nokre er av menneske og nokre er ac dyr.
Éin av dei aller første skulpturane heiter Venus frå Willendorf, og blei laga i steinalderen. Skulpturen er av ei kvinne utan ansikt med ekstra store bryst. Forskarar trur figuren kanskje førestiller ein kvinneleg gud.
Mange av dei første skulpturane var knytt til religionane folk hadde. I det gamle Egypt laga ein statuar til gravene, som framstilte den som var død. Statuen måtte likne den døde, fordi dei trudde at sjela flytta seg til statuen etter døden.
Framleis er det vanleg at religiøse bygg og stader har skulpturar som pynt. For eksempel har kristne kyrkjer skulpturar av Jesus, og buddhistiske tempel har skulpturar av Buddha.