Faktaboks

Også kjend som

sagn på bokmål

tegningen viser et skjelett som ligger i en seng mens det kryper mange mus rundt og på sengen.

Det finst mange segner om svartedauden. Éi av dei er segna om øydegarden Mustad. Den kjende norske kunstnaren Th. Kittelsen har illustrert fleire norske segner.

Teikning av Theodor Kittelsen.
Av /Nasjonalmuseet.

Segn er korte forteljingar som liknar på eventyr. Dei blei lenge fortalde frå menneske til menneske, før dei blei skrivne ned.

Segnene kan delast i mange ulike typar, avhengig av kva dei handlar om:

  • Segner om det overnaturlege, til dømes hulder, nøkk og andre overnaturlege vesen.
  • Segner om historiske personar og hendingar. Det kan vere segner som handlar om noko som gjeld heile Noreg, som svartedauden. Det kan òg vere segner som handlar om noko heilt lokalt, til dømes menneske eller hendingar i ei bygd.
  • Segner som gir forklaringar på ting i naturen, som merkelege steinar og fjell. Dei kan òg forklare kvifor stader har dei namna dei har. Dette heiter opphavssegn.
  • Segner fortel ofte noko som ein trur har hendt, så dei er på ein måte sanne. Men dei er òg dikting, fordi historia endrar seg, når ho blir fortald vidare.

Skilnaden på eventyr og segn, er at eventyr ofte ikkje går føre seg på ein bestemd stad eller til ei bestemd tid. Segn handlar om noko som skal ha skjedd ein bestemd stad til ei bestemd tid.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Fred Huvenes