I sprekkar og holrom i jordskorpa kan ein finne vakre krystallar. Dette er mineral. Dei to vanlegaste minerala i jordskorpa er feltspat og kvarts.
Feltspat er det vanlegaste mineralet på Jorda. Bergartane i jordskorpa bestå av omtrent 60 prosent feltspat. Krystallar av feltspat kan sjå ut på mange ulike måtar, og dei kan ha mange ulike fargar. Feltspat blir brukt når ein lagar porselen, og har også vorte brukt til å lage kunstige tenner.
I Noreg er det mykje feltspat.
Kvarts er det nest vanlegaste mineralet på Jorda. Vanleg kvarts er kvit eller utan farge, men det finst også kvarts med farge. Kvarts med farge blir ofte brukt til å lage smykke.
Kvarts er så hardt at ein kan risse i glas med det. Kvarts blir ofte brukt når ein lagar slipemiddel og sandpapir, og det blir brukt når ein lagar glas og porselen.