Foto av kvinne som ser på ein bil hjå ein bilforhandlar
Mange låner pengar av banken når dei skal kjøpe bil. Det heiter billån. Bilar søkk i verdi med tida, og ein kan øydeleggje dei. Difor tek banken ganske høg rente på billån.
Foto av kvinne som ser på ein bil hjå ein bilforhandlar
Av /Shutterstock.

Lån er å få noko, som ein må gje tilbake seinare. Ordet blir brukt om både små og store lån, sjølv om vilkåra er ulike.

Nokre lån er korte og gratis, medan andre kostar mykje og varer lenge. Det kan vere at ein får låne ein sykkel av naboen, for å bruke han i nokre timar. Eller ein kan låne tre millionar kroner frå ein bank, og bruke 20 år på å betale tilbake.

Når ein betalar tilbake pengane, heiter det avdrag. Banken tek betalt for å låne bort pengane. Det heiter renter.

Lån i bank

Bankar gir lån til personar og bedrifter. Før dei gir lånet, vil dei vite kor sikkert det er at dei får tilbake pengane sine. Dei sjekkar grundig kor god økonomi den som skal ta opp lånet, har. Då sjekkar dei mellom anna

  • om ein har formue, det vil seie at ein eig noko av verdi
  • om ein har gjeld frå før, det vil seie at ein skuldar pengar
  • om ein har fast inntekt og kor mykje ein tener
  • om ein har store utgifter
  • om ein tidlegare har hatt trøbbel med å betale rekningar

Bankar skal ikkje låne ut meir pengar til folk enn det dei har råd til å betale tilbake. Dersom bankane er usikre, må dei seie nei.

Banken ber ofte den som tek opp lånet om å gi ei sikkerheit. Dersom ein låner penger til å kjøpe eit hus, krev banken å få pant i huset. Det betyr at banken kan selje huset, dersom den som tek opp lånet ikkje betaler. Det vanlegaste er å bruke hus, leilegheit eller hytte som sikkerheit.

Rente

Bankar gir ikkje ut lån gratis. Dei tek betalt i form av renter. Når ein tek opp lån i banken, avtalar banken og personen kor høg renta skal vere. Kor mykje eit lån kostar, kjem an på kva slags lån det er. Lån der det er sikkert at banken får att pengane sine, har låg rente. Huslån er eit slikt lån. Lån som går til noko som ikkje kan seljast etterpå, er usikre for banken. Bruk av kredittkort er usikkert for banken. Då er renta høg.

Renta endrer seg òg over tid, etter korleis det går med økonomien i landet. Noregs Bank har ansvaret for å styre økonomien i Noreg, saman med politikarane. Dei set styringsrenta opp eller ned. Då blir renta på lån i banken dyrare eller billigare. Ein som tek opp lån i bank, må ha råd til å betale, sjølv om renta blir høgare. Då vil lånet koste meir kvar månad.

Bankar konkurrerer om å tilby den lågaste renta, slik at dei får nye kundar. Ein bør søke om lån fleire stader, for å finne ut kvar dei gir best rente.

Typar

Ein kan låne pengar til kva som helst. Det går eit skilje mellom det å låne for å bruke, og det å låne for å eige. Dei låna som kostar mest, er dei som går til forbruk. Vanlege typar lån er

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Katrine Nyhus
Professor i markedsføring, Universitetet i Agder