Gras er plantene som dannar plenar i hagar og parkar, og som veks i eng og beiter, og på grassletter.
Mange av dei viktigaste matplantene i verda er gras, for eksempel ris, mais, kveite og havre.
Mange er allergiske mot pollen frå gras.
Timotei er ein vanleg grasart. Den er det viktigaste graset som blir dyrka som fôr i Noreg. Mange er allergiske mot timotei.
Gras er plantene som dannar plenar i hagar og parkar, og som veks i eng og beiter, og på grassletter.
Mange av dei viktigaste matplantene i verda er gras, for eksempel ris, mais, kveite og havre.
Mange er allergiske mot pollen frå gras.
Gras er grøne og smale planter. Dei har ein rund, hol stengel med leddknutar, smale blad og små blomar. Nokre artar er veldig små, medan andre kan bli fleire meter høge. Blomane til gras er veldig små, og ikkje særleg fargerike. Det er fordi pollenet til blomen blir spreidd med vinden.
Graset veks frå punkt som sit nedst på dei smale blada. Desse vekstpunkta er ganske godt beskytta mot beitande dyr og grasklipparar. Det gjer at graset veks opp att etter beiting eller klipping. Mange plantar unngår å bli etne ved å lage stoff som smaker vondt, laga piggar, eller å vekse høgt. Gras toler heller å bli ete.
Når gras får vekse ut, blir det danna små samlingar med blomar. Desse kan stå tett i tett som hos timotei, eller henge lenger frå kvarandre som hos hengjeaks.
Når pollen frå ein blom treff arret til ein anna blom, skjer det ei befruktning. Etter befruktning vert det utvikla ei frukt. Fruktene hos gras er små. Nokre av dei største fruktene nyttar ein som korn.
Smyle har raudaktige strå og veks i tuer. Det er eit vanleg gras over heile landet.
Mange av grasa er viktige som fôr til dyr. Nokre grastypar er dyrka som mat for menneske, og dei er viktige i kosten vår. Kornsortane som havre, rug, kveite og bygg, er gras. Det same er ris, mais og bambus. Bambus blir mellom anna nytta som mat, til tekstil og til byggingsmateriell.