Foster er det ei gravid kvinne har i magen, som kan bli til ein baby.
Eit foster blir til når ei eggcelle og ei sædcelle smeltar saman. Dette heiter befrukting, og eggcella blir kalla eit befrukta egg. Det befrukta egget festar seg til veggen i livmora til kvinna. Då er kvinna gravid. Det befrukta egget deler seg mange gonger og lagar ein klump med celler. Dei første sju vekene blir denne celleklumpen kalla for embryo. Etter kvart utviklar embryoet hovud, armar og bein, og så vidare.
Etter åtte veker, blir embryoet kalla eit foster. Det veks inne i livmora i omlag sju månader til, før det blir født. Når fosteret er født, blir det kalla ein baby. Det tek rundt ni månader, frå eit egg blir befrukta til fødselen. Av og til kjem fødselen tidlegare, andre gongar seinare.