Ereksjon er når penis eller klitoris svulmar opp og blir stiv. Det skjer når personen blir kåt, men kan òg skje utan nokon spesiell grunn. Ereksjonen går over av seg sjølv etter ei stund, eller etter ein orgasme.
Ereksjonen skjer, fordi organet blir fylt av blod og musklane trekkjer seg saman. Både kvinner og menn har ofte ereksjonar, både om dagen og om natta. Dette skjer heilt frå folk er små og heile livet. Det er vanleg å ha ereksjon 5–6 gonger kvar natt og når ein vaknar.