Brød er mat laga av mjøl, vatn og gjær som blir steikt, ofte i ein steikeomn. Det finst veldig mange typar brød. Det er vanleg mat over heile verda, og har vore viktig i folk sitt kosthald i mange tusen år.

brød

Typar
Det finst mange oppskrifter på brød. Det er mange måtar ein kan få ulike smakar i brødet, for eksempel:
- Bruke mjøl frå ulike kornsortar, som kveite, rug, bygg og havre
- Ha krydder, urter, frø eller nøtter i deigen
- Bruke mjølk eller yoghurt i staden for vatn
- La deigen heva i mange timar
Nokre vanlege typar brød i Noreg er:
- Kneippbrød
- Grovt brød
- Landbrød
- Loff
- Flatbrød
- Knekkebrød
Brødtypar som kjem frå andre land, og som også er ganske vanlege i Noreg:
- Bagett
- Bagel
- Focaccia
- Scones
- Nanbrød
- Pitabrød
Bake brød
Når ein baker brød, blandar ein ingrediensane godt saman, slik at det blir ein seig og tøyeleg deig. Dette heiter å elte deigen. Ein kan elte deigen med kjøkkenmaskin, eller bruke henda.
Etterpå skal brøddeigen heve ei stund. Då eser deigen og blir større. Så formar ein deigen til brød, og hevar ein gong til. Til slutt steikjer ein det i steikjeomnen på cirka 200 gradar, til brødet har fått lysebrun farge.
Det er gjæren som gjer at deigen eser opp og brødet blir luftig. Gjæren forvandlar sukkeret i mjølet til karbondioksid, som er ein gass, og det gjer at deigen eser.
Nokre brødtypar inneheld ikkje gjær. Då hevar det ikkje, og då blir brødet flatt. Det gjeld for eksempel flatbrød og knekkebrød.
Næring
Brød inneheld karbohydrat, fiber og andre næringsstoff. Grovt brød blir laga med mykje grovt mjøl. Dette mjølet inneheld kli, som er det knuste skalet frå kornet. I kli er det mykje fiber.
Brød i butikken er merka med ei teikning som viser kor grovt det er. Teikninga blir kalla brødskalaen. Helsedirektoratet, som jobbar med å gi råd om helse til alle som bur i Noreg, seier at det er sunt å ete grovt brød kvar dag.
Kveitemjøl er det vanlegaste mjølet når ein lagar brød. Det inneheld eit protein som heiter gluten. Dei som har cøliaki, er allergiske mot gluten. Dei må ha brød som er glutenfritt.
Viss brødet får mugg på, må det kastast.
Historie
Menneske har laga brød så lenge ein har dyrka korn. I Midtausten har forskarar funne restar av brød som er over 14 000 år gamle. Eit av dei eldste yrka ein veit om er bakar.
I gamle dagar var flatbrød det einaste brødet ein hadde i Noreg. Dette er eit brød utan gjær, som blir laga av grovt mjøl og vatn. Deigen blir kjevla tynt, før det blir steikt på ei varm plate. Denne plata heiter takke.