Biller er ein type insekt. Alle biller har eit par harde og stive venger (dekkvenger), som dekkjer over mjuke, gjennomsiktige venger, som dei flyg med (flyvenger). Dekkvengene vernar flyvengene og kroppen til billa når ho ikkje flyg.

biller

Beskriving
Alle biller har eit hovud, eit bryst med seks bein og ein bakkropp. Bakkroppen er dekt av dei harde og stive dekkvengene, når dei ikkje flyg. Når biller skal fly, slår dei ut dekkvengene og flyg med flyvengene. Når dei ikkje flyg, er flyvengene bretta saman under dekkvengene. På hovudet har biller kjevar, antenner og auge.
Typar

Vaksne biller kan sjå veldig ulike ut. Dei minste billene er 0,4 cm lange. Dei største kan bli 16 cm lange. Den største billa i Noreg er ein skarabid, som heiter nashornbille. Ho kan bli 4 cm lang.
Biller har mange, ulike farger. Nokre typar biller har skinande fargar, medan andre er mørke og matte. Marihøner kan ha raude eller gule dekkvenger, med svarte prikkar på. Tordivlar har metallisk skinnande farge.
Beina til billene er tilpassa livet dei lever. Løpebiller har lange, tynne bein, som dei kan springe fort med. Virvlere, som lever på vatn, har bein forma som årar. Tordivlar har bein som er gode å grave med.
Levevis

Biller lever på svært ulike måtar. Mange et planter. Ein del et andre insekt. Mange biller lever åleine. Andre lever saman med maur eller termittar. Somme lever i ferskvatn, andre lever på land. Mange biller er viktige nedbrytarar. Dei sørgjer for at daude planter, daude dyr eller bæsj blir gjort om til jord. Mange biller lever kortare enn eit år, men det finst biller der larvene lever i mange år.
Formeiring
Biller parar seg før hoa legg egg. Kvar ho legg egga, varierer frå art til art. Egget blir til ei larve. Larvene har eit hardt hovud. Kroppen til larvene er ofte mjuk, har tre par bein og korte antenner. Larvane et ofte det same som dei vaksne billene.
Når larva er stor nok, blir ho til ei puppe. Då ligg ho inne i eit hardt skal. Medan ho er i puppa, endrar kroppen seg frå larve til bille. Puppa ligg ofte nede i jorda eller inni ved. Dette blir kalla ei fullstendig forvandling.
Vanlege biller i Noreg
Dette er nokre av dei vanlegaste billene i Noreg:
- marihøner
- løpebiller
- skarabidar
- trebukkar
Det varierer kva artar som er vanlege i dei ulike delane av landet.