Foto av kvinne som ser på ein bil hjå ein bilforhandlar
Mange må låne pengar av banken, når dei skal kjøpe bil. Det heiter billån.
Foto av kvinne som ser på ein bil hjå ein bilforhandlar
Av /Shutterstock.

Billån er ein type lån. Då låner ein pengar frå ein bank, eller ei anna verksemd, for å kjøpe bil.

Å kjøpe bil

Ein må søkje ein bank om å få billån. Då må ein vise banken

  • kva slags bil det er, og om han er ny eller brukt
  • kor mykje pengar ein har spart sjølv
  • kor mykje pengar ein kan betale kvar månad

Banken kan aldri låne ut meir enn fem gonger så mykje som ein person tener på eit år. Banken må sjekke at den som låner pengar har råd til å ha lånet, sjølv om renta stig. Banken sjekkar difor om den som låner har råd til at renta stig med tre prosent, og minst til sju prosent. Dette gjer banken, ved å lage eit oversyn over inntektene og utgiftene til den som skal låne.

Renter

Bankar tek betalt for å låne ut pengar, det blir kalla renter. Dersom det er ganske sikkert at banken får att pengane dei har lånt bort, blir renta låg. Dersom det er usikkert, blir renta høg.

For å få den lågaste renta, må ein som regel ha ein del pengar sjølv. Det blir kalla eigenkapital. Dersom ein bil kostar 200 000 kroner, og kjøparen betaler 70 000 kroner sjølv, er 70 000 eigenkapitalen. Då blir billånet 130 000 kroner. Dersom ein låner heile summen bilen kostar, tek banken seg betre betalt for å gi lånet.

Bilar blir mindre verde, når dei blir brukte, og dei kan bli heilt øydelagde. Dersom den som tek opp billån ikkje betaler tilbake pengane dei har lånt, må banken selje bilen, for å dekkje rekningane. Då er det ikkje sikkert at banken får att alle pengane sine, fordi bilen har blitt mindre verd. Renta ein betaler for eit billån er derfor høgare enn for eit huslån.

Bankane konkurrerer om å tilby lågast rente til kundane sine.

Å betale tilbake lånet

Billån skal betalast tilbake. Som regel betaler ein på lånet kvar månad i opptil ti år. Når ein betaler tilbake pengane ein har lånt, blir det kalla avdrag. I tillegg til avdrag, må ein betale renter kvar månad.

Det finst fleire typar lån, delt inn etter korleis ein planlegg å betale tilbake pengane. Billån kan anten vere serielån eller annuitetslån:

  • Serielån er når ein betaler eit like stort avdrag på lånet kvar månad. Det gjer at lånet blir mindre etter kvart, og at ein betaler mindre i renter med tida. Etter ei stund betaler ein mindre kvar månad enn ein gjorde i starten.
  • Annuitetslån er når summen ein betaler kvar månad er lik heile tida. Då betaler ein meir renter i starten, og meir avdrag etter kvart.

Gebyr

Gebyr er pengar ein betaler for ei teneste. Nokre bankar tek seg betalt, for å lage eit nytt billån. Det blir kalla etableringsgebyr. Nokre tek òg gebyr kvar gong ein betaler inn på lånet. Det blir kalla termingebyr.

Alle som kjøper bil, må betale gebyr til staten, for at dei skal registrere kven som eig bilen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Katrine Nyhus
Professor i markedsføring, Universitetet i Agder