Foto av kalkstein.
Den sedimentære bergarten kalkstein, med fossilar.
Foto av kalkstein.
Av .

Jordskorpa er sett saman av ulike typar bergartar. Bergartar er hovudsakleg sette saman av mineral og organisk materiale. Organisk materiale er restar av daude plantar og dyr.

Det er fleire typar bergartar. Det er vanleg å dele bergartane inn etter korleis dei har vorte til.

Magmatiske bergartar

Foto av granitt.
Granitt er ein magmatisk djupbergart, frå Oslofeltet.
Foto av granitt.

Magmatiske bergartar kjem av magma, som er smelta stein som finst inni jorda. Magma som strøymer ut gjennom opningar i jordskorpa, blir kalla lava. Det finst to typar magmatiske bergartar. Somme blir til når lava storknar på jordoverflata. Andre blir til når lava storknar djupt nedi jorda.

Granitt er ein magmatisk bergart, som har storkna nedi jorda. Granitt er éin av dei aller vanlegaste bergartane i jordskorpa. Granitt blir brukt til bygningar, søyler og statuar.

Sedimentære bergartar

Sedimentære bergartar blir til, når små bitar av mineral, organisk materiale og andre bergartar blir pressa saman til eit hardt materiale. Dette skjer ofte under jordoverflata, der det er høgt trykk og mykje varme.

Kol er ein vanleg sedimentær bergart. Kol er laga av restar av planter. Gjennom millionar av år har planterestane vorte utsette for trykk og varme, til dei har vorte til eit hardt materiale.

Metamorfe bergartar

Foto av raud marmor.

Raud marmor frå Italia er ein metamorf bergart.

Foto av raud marmor.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Trykk og endringar i temperatur kan gjere at bergartar forandrar seg og blir til nye bergartar. Slike nye bergartar blir kalla metamorfe bergartar. Metamorf betyr forvandla.

Marmor er ein vanleg metamorf bergart.

I Nord-Italia ligg verdas største og mest kjende marmorfelt. Her har ein henta ut marmor sidan antikken. Operahuset i Oslo er dekt av marmor frå Italia.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Opeland Røthe
Førsteamanuensis i kvartærgeologi, Høgskulen på Vestlandet