Aktivist er ein person som prøver å påverke og endre samfunnet, for eksempel ved å vere med på demonstrasjonar.
Aktivistar prøver som oftast å påverke noko i politikken. Greta Thunberg er ein kjend aktivist.
Greta Thunberg streika for klimaet framfor Riksdagen i Stockholm. På plakaten hennar står det «skolstrejk för klimatet», som betyr skulestreik for klimaet.
Aktivist er ein person som prøver å påverke og endre samfunnet, for eksempel ved å vere med på demonstrasjonar.
Aktivistar prøver som oftast å påverke noko i politikken. Greta Thunberg er ein kjend aktivist.
Aktivisme er ein type handlingar som skal påverke politikken. Det kan vere streik, boikott, demonstrasjonar eller å lenke seg fast ein stad. Dei som driv med aktivisme prøver å skape merksemd om ei sak.
Det meste av aktivisme er ikkje-valdeleg. Nokre vel likevel å bruke vald, for å påverke politikk. Former for aktivisme der ting blir skadde eller øydelagde, er valdeleg aktivisme. I nokre få tilfelle kan det bli rekna som terrorisme.
På grunn av ytringsfridomen i Noreg, har ein lov til å støtte dei meiningane ein vil. Likevel kan aktivisme stundom vere ulovleg. Dette gjeld for eksempel om ein hindrar trafikken eller øydelegg ting.
Om ein bryt lova, medan ein driv med ikkje-valdeleg aktivisme, heiter det sivil ulydnad (sivil ulydigheit). Dei som driv med sivil ulydnad, gjer dette fordi dei meiner at saka dei kjempar for, er viktigare enn å følgje lovene.