Tonga er eit land som består av øyar. Det ligg i verdsdelen Oseania, og hovudstaden heiter Nuku’alofa. Tonga ligg i Stillehavet, aust for Fiji og nordaust for Australia.
Navnet Tonga betyr den heilage øya.
Tonga (mørkegrønt) ligg i Oseania (lysegrønt).
Tonga er eit land som består av øyar. Det ligg i verdsdelen Oseania, og hovudstaden heiter Nuku’alofa. Tonga ligg i Stillehavet, aust for Fiji og nordaust for Australia.
Navnet Tonga betyr den heilage øya.
Landet består av 169 øyar. Dei fleste øyane er atollar, og fire av dei har aktive vulkanar. Det har vore fleire vulkanutbrot og tsunamiar i havet rundt Tonga, som fleire gongar har skada og øydelagt bygningar i landet.
Det høgaste punktet er på øya Kao og er 1030 meter over havet. Like ved Tonga er det tredje største havdjupet i verda, Tongagropa, som er 10 882 meter djup.
Tonga har tropisk havklima. På øyane i nord, som ligg nærmast ekvator, er temperaturen i gjennomsnitt 27 grader. I nord kjem det òg mest regn, nesten dobbelt så mykje som på øyane i sør. Det regnar mest frå januar til april.
Fruktflaggermus er det einaste opprinnelege pattedyret på land. Det finst mykje sjøfugl, mellom anna tropikkfuglar og fregattfuglar. På og ved korallreva lever mange blautdyr, koralldyr og fisk.
Det bur folk på 36 av dei 169 øyane. Nesten alle som bur i Tonga er polynesiske tonganarar. Meir enn 70 prosent bur på øya Tongatapu der hovudstaden ligg.
Engelsk og tongansk er offisielle språk. Nesten alle har ei form for kristendom som religion.
Barn må gå på skule frå dei er 5 til 14 år. Skulen er gratis. Mange skular blir drivne av kyrkjer. Ein kan ta høgare utdanning i Tonga.
Veving av matter, treskjering og bygging av kanoar er vanlege kunsthandverk.
Rugby er nasjonalsport.
Kongen i Tonga er både statsoverhovud og øvste sjef for militæret. Kvart tredje år er det val til parlamentet, som heiter Fale Alea.
Tonga er medlem av mellom anna FN og Samveldet av nasjonar.
Alle område med jordbruk er eigde av kongen, og blir drivne av familiar han har valt ut. Dei dyrkar mellom anna kokosnøtter, vanilje, vassmelonar og graskar. Dei viktigaste husdyra er storfe, gris og høns.
Tonga får økonomisk hjelp frå mellom andre New Zealand, Australia, Kina og land i EU. Mange tonganarar bur i New Zealand, Australia og USA. Landet tener pengar på at tonganarar som bur i andre land, sender pengar heim.
Landet nyttar bølgjeenergi og solenergi, så dei ikkje treng kjøpe så mykje energi frå andre land.
Det har budd menneske i Tonga frå omtrent år 1000 fvt. På 1200-talet leia den tonganske herskaren eit område som strekte seg heilt til Hawaii (som i dag er ein del av USA).
Europeiske oppdagingsreisande frå Nederland og Storbritannia kom til øyane på 1600- og 1700-talet.
Tonga blei heilt sjølvstendig i 1970.