Det var dronning Margrete som hadde idéen til unionen mellom dei tre landa. Ho meinte at dei var mykje sterkare saman.
Margrete var dottera til den danske kongen Valdemar 4. Ho var gift med den norsk-svenske kongen Håkon 6. Magnusson. Saman fekk dei sonen Olav.
Då kong Valdemar døydde i 1375, var det barnebarnet Olav som skulle bli dansk konge. Men sidan han berre var seks år, var det Margrete som styrte Danmark.
Då Håkon 6. døydde i 1380, blei Olav konge i Noreg òg. Men han var framleis eit barn, så Margrete styrte no begge landa. Olav døydde 17 år gammal i 1387. Då blei Margrete vald til å styre Noreg og Sverige. Ho styrte også Danmark, men var ikkje eigentleg dronning der.
Margrete ville at slektningen hennar, Erik av Pommern, skulle bli den første kongen av unionen. I 1397 blei Erik krona til konge over Noreg, Sverige og Danmark. Akkurat som Margrete sin son Olav, var Erik også veldig ung då han blei konge. Derfor var det Margrete som styrte unionen, fram til ho døydde i 1412.