Isaac Newton var ein viktig engelsk matematikar og fysikar. Mykje av det ein lærer på skulen i matematikk og fysikk, kjem frå ting han oppdaga.

Isaac Newton
Faktaboks
Sir Isaac Newton
- Fødd
- 4. januar 1643, Woolsthorpe, Lincolnshire i England
- Død
- 31. mars 1727, London

Isaac Newton gjorde fleire eksperiment med lys.
Bakgrunn
Newton blei fødd i England og var son av ein bonde. I 1661 byrja han å studere matematikk ved universitetet i Cambridge. Då universitetet i nokre år blei stengt, på grunn av pest, studerte han sjølv heime.
Han elska å eksperimentere og finne svara sjølv. Han meinte det var betre enn at andre skulle fortelje han kva som var rett og gale.
Spektralfargene
Newton gjorde ei viktig oppdaging ved hjelp av eit teleskop. Eit teleskop er ein kikkert, som blir brukt for å studere verdsrommet. Teleskopet forstørrar det som er langt borte. Då Newton såg på ei stjerne, som lyste sterkt gjennom teleskopet, såg han ringar i alle fargane i regnbogen rundt stjerna.
Astronomar som hadde sett det same, meinte at fargane kom av feil på linsa i teleskopet. Newton skjønte at det hadde noko med sjølve lyset å gjere. Han meinte at lyset var sett saman av bitte små bitar kalla partiklar. Han oppdaga òg at kvitt lys er sett saman av alle fargane i regnbogen. Dette kalla han spektralfargar.
Newton skreiv om oppdaginga i boka Opticks, som blir rekna som den viktigaste boka om lys og fargar.
Newtons tre lover
Lova om tyngdekraft
Newton oppdaga, og skreiv ned, lova om tyngdekraft. Den lova gir ei forklaring på tidvatn, og kvifor eit eple fell mot jorda. Lova forklarer òg korleis planetane bevegar seg.
Alt dette skreiv han om i boka Principia. Denne var i fleire hundre år den viktigaste boka i fysikk og astronomi.