Faktaboks

Også kjend som

Gulfstraumen; Golfstrømmen; Gulfstrømmen

Kart

Kartet viser Golfstraumen. Den første pila viser at Golfstraumen startar i Karibhavet og går nordover langs USA og Canada. Deretter går han over i Nordatlantisk straum, som den neste pila viser. Langs kysten av Noreg heiter straumane Norskehavsstraumane. Dei delar seg i ein nordleg og ein austleg straum.

Havstraumar i Atlanterhavet
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0
kart med piler

Kartet viser dei ulike havstraumane i Atlanterhavet. Golfstraumen er ein del av eit større system av havstraumar. Dei blå pilene viser kalde straumar, og dei raude pilene viser varme straumar.

Kart
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Golfstraumen er ein varm havstraum i Atlanterhavet.

Havstraumen startar i området mellom Florida (USA), Cuba og Mexicogolfen, bevegar seg derfrå nordover langs austkysten av USA og Canada, og over Atlanterhavet til Europa.

Den norske atlanterhavsstraumen som går langs kysten av Noreg, er ei forlenging av Golfstraumen. Den varme lufta som følgjer Golfstraumen, gjer at klimaet i Noreg er mildare enn til dømes i Alaska (USA), som ligg like langt nord.

Beskriving

Golfstraumen er over 500 meter djup. Der han startar er temperaturen rundt 25 grader om vinteren og over 28 grader om sommaren. Passatvinden driv havstraumar vestover i tropane frå Afrika. Vestavinden driv så Golfstraumen nord og austover. Dermed blir ein stor kvervel (gyre) skapt, som sirkulerer i retninga til urvisaren. Den vestlege delen av gyren er meir intens enn den austlege, på grunn av rotasjonen til Jorda.

Vatnet frå Golfstraumen blir kjølt ned heilt nord i Atlanterhavet og møter ferskare vatn frå Polhavet. Der søkk det salte, avkjølte vatnet ned i djuphavet, og strøymer sørover langs havbotnen. Dette er ein del av det termohaline straumdraget i Atlanterhavet.

Klima

Golfstraumen transporterer varmt vatn frå tropiske område og fører dette vatnet nordover i Atlanterhavet. Vatnet øvst i Golfstraumen er varmare enn i djuphavet og har mykje næring og oksygen. Dette gjev gode vilkår for planter og dyr i havet.

Golfstraumen påverkar klimaet i den austlege delen av Nord-Amerika og i Europa. Han gjer lufta varm og fuktig langs kysten. Denne lufta trengjer òg inn over land og gjer områda til gode stader å dyrke mat på.

Golfstraumen regulerer temperaturen i mange område. Når han fraktar varmt vatn frå tropane til Nord-Atlanteren, varmar han opp lufta over vatnet. Det fører til milde vintrar i Europa.

Klimaendringar

Når temperaturen stig og isbrear i Arktis smeltar meir, vil det kome meir ferskvatn i Atlanterhavet. Då kan Golfstraumen reduserast i styrke, eller til og med stoppe heilt opp.

Dersom dette skjer, vil det ha store konsekvensar for klimaet på jorda. Det kan for eksempel bli mykje kaldare i Europa enn det er no. Det kan gjere det vanskelegare å dyrke mat, og mange dyr og planter vil kanskje ikkje overleve.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Knut Barthel
Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen