
Aserbajdsjan
Faktaboks
- Hovudstad
- Baku (Baki)
- Innbyggjartal
- 10,1 millioner
- Storleik
- 82 646 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- president Ilham Alijev
- Språk
- aserbajdsjansk
- Nasjonaldag
- 28.mai
- Valuta
- aserbajdsjansk manat


Natur og klima

Aserbajdsjan og nabolanda
Aserbajdsjan ligg i Kaukasus, som er eit fjellområde som skil Europa og Asia. Landet har kyst mot Kaspihavet, som er den største innsjøen i verda. Aserbajdsjan er rundt ein firedel av Noreg i storleik.
Aserbajdsjan består av mange fjell. Det høgaste fjellet heiter Basardüzü og ragar 4466 meter over havet. Det er også grassletter, elvar og skog i landet.
Mesteparten av straumen og energien i landet kjem frå fossilt brennstoff. Kaspihavet er svært forureina av utslepp frå oljebransjen.
Aserbajdsjan har eit tørt klima, men i sør kan det kome mykje nedbør. I fjella kan det komme snø om vinteren.
Folk og kultur
Over 90 prosent av befolkninga er aserar. Det bur også russarar og armenarar i landet.
Nesten 60 prosent av menneska i landet bur i byar og tettstader. Aserbajdsjansk er offisielt språk. Nesten heile befolkninga er muslimar.
Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Nesten alle barna i landet byrjar på skulen. Dei fleste held fram på vidaregåande skule.
Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom. Bryting er også ein populær idrett i landet.
Politikk og økonomi
Aserbajdsjan er ein republikk med president som statsoverhovud.
Landet er rekna som eit diktatur. Sjølv om det står i grunnlova at Aserbajdsjan er eit demokrati, har ingen val blitt godkjende på 2000-talet. Fleire som har kritisert regjeringa har blitt sette i fengsel.
Det har lenge vore mykje korrupsjon i landet.
Mange menneske i landet jobbar med jordbruk, industri og handel. Det er mykje olje og gass i Aserbajdsjan, som landet også tener pengar på å selje til andre land.
Aserbajdsjan er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Europarådet.
Historie
Mange ulike folkegrupper og rike styrte i fleire tusen år i det som i dag er Aserbajdsjan.
Tidlegare var området ein kalla Aserbajdsjan mykje større. I 1828 blei dette området delt mellom Persia og Russland. Derfor er det i dag også ein region i Iran som heiter Aserbajdsjan.
I 1846 blei det funne olje utanfor Baku. På byrjinga av 1900-talet blei halvparten av all olje i verda produsert i Aserbajdsjan.
Aserbajdsjan var sjølvstendig ein kort periode frå 1918 til 1920. Frå 1920 til 1991 var Aserbajdsjan ein del av Sovjetunionen. Landet blei sjølvstendig igjen i 1991.
Etter sjølvstendet har Aserbajdsjan fleire gonger vore i krig og konflikt med nabolandet Armenia.
Aserbajdsjan og Noreg
Noreg både kjøper og sel varer med Aserbajdsjan. Det norske selskapet Equinor driv oljeverksemd i landet.