Faktaboks

Hovudstad
Andorra la Vella
Innbyggjartal
85 000 (2023)
Storleik
470 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
Presidenten i Frankrike og biskopen av Seo de Urgel i Spania
Språk
katalansk
Nasjonaldag
8. september
Valuta
euro
Flagg
plassering av Andorra på jordkloden. Kart

Andorra (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Andorra er eit lite land i Europa. Landet grensar til Frankrike og Spania. Hovudstaden, som heiter Andorra la Vella, ligg 1022 meter over havet og er Europas høgast liggjande hovudstad .

Natur og klima

Plassering av Andorra med naboland rundt, kart.

Andorra og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Andorra har ikkje grenser mot hav og er om lag like stort som Oslo. Landet ligg sør i fjellkjeda Pyreneane. Andorra er i areal det sjette minste landet i Europa.

Det er mange høge fjell i Andorra. Det høgaste fjellet heiter Pic de la Pedrosa og ligg 2943 meter over havet. Landet har òg skog, dalar, nokre innsjøar og ei elv som renn gjennom landet.

Steinbukk er nasjonaldyr. Det lever også røyskatt, villgeit, hjort, kongeørn og vandrefalk i landet.

Andorra får straum og energi frå både fossilt brennstoff og fornybare energikjelder.

Landet har varme somrar, medan det kjem mykje snø i fjella om vintrane.

Folk og kultur

Halvparten av befolkninga er andorranarar. Det bur også folk frå Spania, Porutgal og Frankrike i landet.

Nær 90 prosent av menneska bur i byar. Katalansk, som også mange folk i Spania snakkar, er offisielt språk. Mange snakkar også spansk og fransk. Kristendom den største religionen.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 16 år. Det finst eitt universitet i landet.

Fotball, alpint og sykling er populære idrettar blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Andorra er eit fyrstedømme, der den spanske biskopen av Urgel og den franske presidenten er landets statsoverhovud. Det er det einaste landet i verda som har to «kongar». Landet er eit demokrati. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet.

Spania og Frankrike er ansvarleg for utanrikspolitikken og det militære i landet. Det er vanskeleg å få statsborgarskap i Andorra. Halvparten av befolkninga er ikkje statsborgarar i landet.

Mange menneske i Andorra jobbar med turisme, handel og helse. Landet tener pengar på å mellom anna selje møblar, medisinar og skinn til andre land.

Andorra er medlem av mellom andre FN og Europarådet.

Historie

Det er funne 12 000 år gamle spor etter menneske i området som no er Andorra. Andorra blei grunnlagt som eit samarbeid mellom kongen av Frankrike og biskopen av Spania i 1278.

Frå 1278 og fram til 1993 var fyrstedømmet delt mellom Frankrike og den spanske biskopen. I 1993 blei Andorra sjølvstendig og eit demokrati. Same år blei Andorra også medlem av FN.

Andorra har i dag høg inntekt og eit godt helsevesen. Kvart år besøker òg mange turistar landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør