
Rune Fossum Lillesvangstu
fagansvarlig
Nylig aktivitet
-
Turn og idrettsforeningen Viking: oppdatert 10. mars 2025
-
Idrettslaget Koll: oppdatert 10. mars 2025
-
seriemeistrar i volleyball: oppdatert 10. mars 2025
-
Solfrid Koanda: oppdatert 5. mars 2025
Fagansvarlig for 2 kategorier:
Biografi
Rune Fossum Lillesvangstu (f. 1974) er fagansvarleg for volleyball og vektløfting i Store norske leksikon. Lillesvangstu har ein bachelorgrad i journalistikk frå Mediehøgskolen i Kristiansand, mellomfag i historie frå Universitetet i Trondheim og grunnfag i statsvitenskap frå Høgskolen i Molde.
Han har bakgrunn frå Forsvaret, der han mellom anna var nestkommanderande offiser på Grense Jakobselv grensestasjon ved den norsk-russiske grensa.
Lillesvangstu jobba deretter i ti år som sportsjournalist i den fylkesdekkande avisa Firda i Sogn og Fjordane, der han mellom anna følgde Sogndal i Tippeligaen og nokre av dei beste utøvarane i landet i idrettar som langrenn, friidrett, skiskyting, volleyball og vektløfting. Frå 2009 til 2016 jobba Lillesvangstu for NRK Sogn og Fjordane, der han var vaktsjef og reporter på alle plattformer. Sidan har han vore tilsett ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Først som faglærar i journalistikk og media, og frå 2021 som dagleg leiar.
Hausten 2017 debuterte Lillesvangstu som forfattar med boka “50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane” på Selja forlag. Han gav i 2020 ut boka "Den spreke hundreåringen" om Førde Idrettslag.